Me kan ikkje sjå bort frå verkelegheita

Kjersti I. Vevatne

Debatten om kommunesamanslåing pågår for fullt.

Me er einige med Osterøy Frp i at på papiret burde ein kommune med over 8000 innbyggjarar ha moglegheit til å klare seg sjølv. Realiteten er at Heradsstyret no kvart einaste år har gjort nye innsparingar, nye kutt i tenestene, og at det ikkje er teikn til at dette biletet skal endre seg. Tvert om. Rådmannen har antyda at godt over 30 millionar kroner til kan måtte kuttast allereie i 2020-budsjettet.

Osterøy kommune er ikkje økonomisk bærekraftig

Me veit at økonomien vert enda verre om me kuttar i eigedomsskatten. I Bergen er eigedomsskatten vesentleg lågare enn på Osterøy. Me veit at kommunen sin administrasjon slit med å levere tenester på eit godt nok nivå med dagens bemanning. Frp har vore det mest tydelege av alle partia på å påpeike manglar. For Venstre tyder problema at dagens tilsette treng fleire kollegar og betre styring. Det har me ikkje pengar til på Osterøy. Som del av ein større administrasjon får dei nettopp det dei treng for å levere betre. Rådmannen har vore tydeleg i fleire år; Osterøy kommune er ikkje økonomisk bærekraftig, kan ikkje greie å oppretthalde tenestenivået og må søke samanslåing med Bergen.

Arna

Me ser at Arna rett nok ikkje har hatt den utviklinga bydelen kunne hatt. Samstundes ser me at Arna har fått 3,5 millionar til kulturhuset sitt, og at ny barnehage, ny barneskule og ny ungdomsskule ikkje berre er planlagt men allereie finansiert. Det skjer fordi bydelen treng det, fordi kommunen må gjere dette for å levere gode tenester – og fordi ein har pengane. Me trur mange på Osterøy godt kunne tenke seg å bli stemoderleg behandla på akkurat denne måten.