På lag med framtida og på lag med Møre og Romsdal – Lena Landsverk Sande

Foto: Sponland

Bli kjent med Lena Landsverk Sande, 4. kandidat for Møre og Romsdal Venstre.

Vår 4. kandidat er i dag ordførar på fjerde året i Vanylven, og har til saman 12 år bak seg i ulike politiske verv. Lena har brei erfaring innan kommunal drift; som lærar, serviceleiar, stabsleiar og rektor. Ho er glad for å ha fått lov til å prøve seg i mange ulike roller. Kvar nye problemstilling har ført til ny læring, som er god ballast i møte med nye menneske og nye utfordringar.

Politisk brenn Lena for menneska – frå dei minste borna, til dei pleietrengande eldre. Aller nærast hjartet ligg skulen. Ho framhevar at ressursen som ligg i einskiltmennesket er umåteleg stor. Ho står fast på at alle kan bidra med noko, og at vi alle treng å bli sett – og verdsett – som det mennesket vi er. Sjølv om dei fleste av oss heldigvis har det godt, må vi prioritere å hjelpe dei som treng litt støtte på vegen, og gjere vårt beste for å bidra til eit godt liv for alle. Vi må hegne om den fridomen og verdigheita det gir å kunne gjere eigne val i eige liv. Ingen klarar alt, men alle kan bidra med noko. Totalt sett vil vi kunne dra eit tyngre lass om alle tek i litt.

Lena arbeider best saman med andre, og er innstilt på å tenkje breitt i høve samarbeid. Det er saman vi finn dei beste løysingane, noko vi ta med oss i ei tid vi veit byr på store utfordringar i fylket vårt.

Vel du Venstre si liste valet i år gir du Lena ein sjanse til å få bidra i fylkespolitikken. Ho lovar å stå på, undersøke breitt og ta andre med på råd. Heile vegen med fokus på det beste for fylket og alle som bur i Møre og Romsdal.

Di stemme tel! Stem Venstre!

Kandidatpresentasjonar:

  1. Pål Farstad
  2. Britt Giske Andersen
  3. Frode Heimen
  4. Lena Landsverk Sande
  5. Håvard Urkedal
  6. Rita Rognskog

Fylkesvallista 2019-2023