Ein god stad å vekse opp

Foto: Venstre

Skulane skal ha nok ressursar til å gje elevane optimale læringsforhold. Barn og ungdom skal ha gode og likeverdige oppvekstvilkår med høg pedagogisk kvalitet i barnehage og skule og eit rikt fritidstilbod. Difor blir det viktig at lag og organisasjonar skal ha tilbod om gratis møte-, øvings- og treningslokale i kommunale bygg.

Hustadvika Venstre vil leggje til rette for aktiv bruk av dei to målformene i kommunen. Innbyggjarane skal ha rik anledning til å møte hovudmålet sitt i alle publikasjonar og skriv i offentleg samanheng. For å sikre dette, skal det utarbeidast ein eigen språkbruksplan.

Vi vil:

  • Bevare og utvikle Fræna vgs med eit robust studietilbod som førstevalet til ungdomane i kommunen
  • Sikre lærarane gode arbeidsforhold og vidareutdanning
  • Behalde grunnskulestrukturen
  • Byggje kulturskulelokalitetar både på Eide og i Elnesvågen
  • Byggje ny Haukås skule med basishall til bruk for eksisterende og ny aktiviteter
  • Ruste opp og byggje ut Eide barneskule og Eide ungdomsskule for å møte aukande rombehov
  • Halde fram som MOTkommune
  • Styrke skulehelsetenesten
  • Leggje til rette for eit allsidig aktivitetstilbod for alle