Valprogram Aurland Venstre 2019-2023

Foto: Sfj Venstre

Her kan du lese valprogrammet vårt og laste ned valbrosjyra vår.

Valbrosjyre Aurland Venstre.

Liberal politikk tek utgangspunkt i det einskilde mennesket. Liberal politikk skal vere eit utolmodig arbeid for rettferdige løysingar som gjev alle menneske fridom. Alle skal ha høve til å bruke evnene sine til beste for seg sjølve og samfunnet.

Folk først i framtidskommunen Aurland!

Aurland Venstre vil:

  • at Aurland kommune skal vere klimanøytral innan 2028
  • at næringslivet i Aurland skal vere i front på grøn innovasjon
  • vil styrka og synleggjera heile kommunen som attraktiv stad å bu og etablera næring

  • BUSTADPOLITIKK

Aurland Venstre vil:

-aktivt påverka til bygging av gjennomgangsbustader og bustader for dei som ynskjer å etablera seg fast i Aurland kommune

-prioritere kommunal tilrettelegging av attraktive og tilgjengelege tomter i alle grendene

-innføre buplikt både for bustader og landbrukseigedomar over heile kommunen

 

  • NÆRINGSUTVIKLING – REISELIV

Aurland Venstre vil:

-stimulera til knoppskyting og nyetablering av verksemder i kommunen, men også

arbeida for å ivareta eksisterande verksemder

-prioritere tiltak for å vidareutvikle reiselivet i Aurland kommune i eit miljøvenleg perspektiv, mellom anna ved innføring av turistskatt (destinasjonsbidrag) som øyremerka tiltak for berekraftig verdiskaping

legga til rette for utvikling av reiselivet i heile kommunen

arbeida for å oppretthalda primærnæringane i kommunen og sikra ei god forvaltning av kulturlandskapet

-at Aurland kommune skal vera ein aktiv eigar i selskap som kommunen i dag er eigar i

 

  • EIN GOD PLASS Å VEKSE OPP

Aurland Venstre vil:

-arbeida for å sikra gode oppvekstvilkår for barn og unge i kommunen

-sikra full barnehagedekning

-legga til rette for at barnehage og skule rettar seg mot framtida

-vurdera ulike løysingar for tilbod om måltid for elevar i Aurlansdsskulen

-arbeida for at Aurland framleis skal tilby flest mogleg lærlingeplassar i oppvekstsektoren

-at Aurland kommune skal vera ein tydeleg skule- og barnehage-eigar

-legga til rette for kompetanseheving for personalet i både barnehage og skule

-gje lærarane i skulen meir tid til undervisning gjennom reduserte krav til rapportering

-at skulestrukturen skal vurderast i løpet av komande fireårsperiode

 

  • HELSE OG OMSORG

Aurland Venstre vil:

-legga til rette for at eldre skal kunne få tilbod om ein tilrettelagt busituasjon

-sikra gode tilbod med helsesjukepleiar i skule og barnehage

-arbeida for at Aurland framleis skal tilby flest mogleg lærlingeplassar i helsesektoren

for å sikra rekruttering

-sikra at brukarar og pårørande får medverknad og individuell tilpassing

-sikra eit godt samarbeid mellom dei ulike helsetilboda i stat og kommune

 

  • MILJØ – DET GRØNE SKIFTET

Aurland Venstre vil:

-arbeida for at turvegen Bøen – Heggviki står ferdig i komande fireårsperiode

-at Aurland kommune skal møta alvoret i den globale miljø- og klimasituasjonen med offensive tiltak lokalt og i kommunal drift

-innføra tiltak som gjer kommunen klimanøytral i 2028

-arbeida for at Aurland kommune blir aktiv i det grøne skiftet og satsar på fornybare energikjelder i den kommunale drifta og i næringsetablering i kommunen

-arbeida for at Aurland skal vera i front når det gjeld grøn innovasjon

-arbeida for reine fjordar, frie for plast og anna forureining

 

  • KULTUR

Aurland Venstre vil:

-arbeida for at heile kulturlivet i heile kommunen får best mogleg vilkår for vekst og skaping

-arbeide for at alle skal få vera med i ein fritidsaktivitet

-arbeida for at Aurland idretts- og samfunnshus vert fullstendig renovert til ei fullverdig kulturstove i komande fireårsperiode

 

  • SAMFUNNSANSVAR / FORVALTNING

Aurland Venstre vil:

-at verdsarvstatusen skal vera ei grunnleggande verdiplattform for kommuneplanarbeidet, synleggjera denne statusen i kommunal informasjon og styrke kommunen sitt engasjement i forvaltninga av verdsarvstatusen

-arbeida for at kommunal saksgang skal effektiviserast

-ta initiativ til og synleggjera ei konstruktiv tilnærming til eit betre samarbeid mellom partia og kommuneadministrasjonen