Kandidatpresentasjon: Åshild

Åshild står som nr. 4 på Osterøy Venstre si valliste.

Kven er du?

Åshild Rød, fødd og oppvaksen på Hauå. Arbeider som sivilarkitekt i byn, og pendlar dagleg. På arbeidsplassen er eg verneombod, og sit som tilsettrepresentant i Arbeidsmiljøutvalet (AMU). På fritida er eg aktiv i ulike lag og organisasjonar, og sit for tida som leiar i Hauge grendaråd.

Kva er du opptatt av?

Eg ynskjer at Osterøy skal vere ein god plass å bu, der kommunen klarar å ivareta sine oppgåver. Høg kvalitet i skulen og barnehagar både i innhald og det fysiske miljøet. Eg vil ha levande grender der næringslivet får utvikle seg.

Kvifor stiller du på Venstre si liste?

Eg har tru på at det spelar ei rolle at folk engasjerer seg i lokalpolitikken. Osterøy Venstre har ei god gruppe engasjerte folk, som eg gler meg til jobbe saman med for Osterøysamfunnet sitt beste. I all kortheit: Grøn utvikling, inkludering og engasjement!

Her finn du resten av Osterøy Venstre si liste.

Her finn du Osterøy Venstre sitt valprogram.

Godt val!