Samferdsle
For Kvinnherad Venstre er det viktig med god kommunikasjon med dei omkringliggande kommunane, og ha kjapp og god tilknyting mot E39 og E134. Dette er noko vi arbeider mykje med inn mot politikarar i fylket og våre representantar i regjeringa. Venstre har alltid vore tydelege på at det går an å ha to tankar i hovudet samstundes, og gløymer ikkje samferdsleårene innan kommunen. Ras- og trafikksikringstiltak for å sikre skulevegane til borna våre er utruleg viktig. Venstre meiner at kommunen må gje dei kommunale vegane eit skikkeleg løft for å betre tryggleiken og kvaliteten til dei som bur og ferdast langs vegane.
- Ferjefri tilknyting til E39 (Sunnfast).
- Samanhengande gang- sykkelsti i heile kommunen, med realisering av gang- og sykkelsti i Herøysund snarast.
- Realisering av Fjelbergsambandet.
- Ein seinare avgang snøggbåt til Bergen.
- Prøveprosjekt med nullutslepps-snøggbåt mellom Kvinnherad og Os.
- Ras- og trafikksikringstiltak i heile kommunen med særskilt fokus på trygge skulevegar.
- Auka busstilbod i kommunen m.a. ved å prøve ut bestillingsruter i Kvinnherad.
- Utbetra vegstandaren på dei kommunale vegane i kommunen, t.d. frå Tofte mot Høylandsbygd og Sydnes, Ølve – Hatlestrand, Matre – Åkra og Varaldsøy.
- Sjå til at “Kvinnheradpakken” vert realisert, og få oppstart av “Kvinnheradpakken 2”.
- I påvente av Sunnfast vil vi ha ferje frå Sunde.
- Arbeida vidare med Sunnhordlandsdiagonalen og utbetring av E-134.
Skule, oppvekst og livslang læring
Venstre har alltid vore opptatt av kvalitet i skulane. Skal ein oppnå det må ein spela på lag med dei tilsette, og legge til rette for personleg utvikling for den enkelte og kompetanseauke som kjem arbeidsmiljøet til gode. Venstre meiner at aktivitet er med på å gje god læring og meistring i kvardagen. Difor ønskjer vi å få på plass symjeopplæring i barnehagane og gratis årleg skidag som nokre av tiltaka for å oppmuntre til aktivitet. Utekontaktane, SLT-koordinator og ungdomslosane er viktige for å motverke utanforskap og fråfall i skulen, og Venstre ønskjer å satse på desse tenestene. Gratis kjernetid for barnehage og SFO for dei som treng det er òg gode tiltak som er med på å fremje inkludering og motverke utanforskap, og er noko vi meiner det er viktig at Kvinnherad innfører. Venstre ønskjer at Kvinnherad skal ha som mål å ha minst 2 lærlingar pr. 1000 innbyggjarar.
- Leggja til rette for gode oppvekst– og læringsmiljø.
- Vidare- og etterutdanning/kompetanseauke for tilsette og private mellom anna ved å bruka tilboda ved Studiesenteret på Husnes.
- Kommunal skulebruksplan i samarbeid med tilsette der målet er å auka kvaliteten i skulen.
- Gratis kjernetid i barnehagar og SFO for låginntektsfamiliar.
- Få på plass symjeopplæring i barnehagane i Kvinnherad.
- Fast årleg skidag for elevane på skulane.
- Auka talet læreplassar til minst 2 lærlingar pr. 1000 innbyggjar.
- Finna gode lokale for Vaksenopplæringa for å forbetre arbeidsforholda, og gjere tenesta best mogleg for innbyggjarane våre.
Kultur, idrett og frivilligheit
Venstre og kultur, idrett og frivilligheit har alltid gått hand i hand. Å støtte opp om ulike idretts- og kulturtilbod i kommunen er ei oppgåve som er viktig for at innbyggjarane våre skal trivast. Lags- og organisasjonslivet i kommunen er stort og variert, og i aller høgste grad basert på frivilligheit. Denne frivilligheita må vi verne om. Kommunen må vere ein aktiv bidragsytar og leggje til rette for at desse skal lukkast i prosjekt som kjem alle innbyggjarane til gode. Venstre ønskjer å bidra slik at ein får ut det fulle potensialet Uskedalen har som klatredestinasjon – i tillegg til å støtte opp om aktivitetsparkar og idrettsanlegg rundt om i kommunen. Venstre ønskjer òg å få på plass ein musikk-container på Husnes, der ein kan ha gratis øvingslokale, musikkutstyr og lydanlegg for musikkspirer i alle aldrar. Kvinnherad ønskjer òg å få tilbake kultursjef-stillinga. Friluftsliv er ein av dei viktigaste aktivitetane vi har for ei betre folkehelse, og arbeidet med opparbeiding og merking av turstiar som blir gjort på dugnad bør i større grad få støtte frå Kvinnherad kommune.
- Sjå til at ny Idrettshall på Husnes vert realisert.
- Oppretthalde kulturskuletilbodet i kommunen.
- Auka satsinga på kulturtilbod for born og vaksne gjennom Skulesekken og Spaserstokken.
- Bidra til å utvikla Klatresenteret i Uskedalen.
- Fleire aktivitetsparkar i kommunen.
- Auka tilskot til regionsmuseet Sunnhordland museum.
- Gjenninnføra kultursjefstillinga.
- Musikk-container/musikkfabrikk på Husnes.
- Sikra og opparbeida turvegar og stiar i fjellet og i nærområde.
- Gjera kulturminne og turmål synleg med skilting og informasjon.
- Støtta opp om frivillig arbeid m.a. ved vidareføring av kommunale støtteordningar.
Økonomi, næring og samfunn
Kvinnherad må vere ein attraktiv stad for nytilflytting og nyetablering av næring. Eit viktig steg på vegen vil vere å ta bort eigedomsskatten og ha tilgjengeleg klårgjorde bustad-, industri- og næringsareal, noko som vil gje eit konkurransefortrinn. Venstre vil utvikle Husnes som regionsenter og vil arbeide for å få overført statlege oppgåver til Kvinnherad. Som ein av fylkets største landbrukskommunar er det eit mål å leggje til rette slik at ein ikkje byggje ned landbruksareal, og sikrar nydyrking av tapt areal ved utbygging. Venstre legg press på våre representantar i regjeringa føre landbruksoppgjera, og kjempar for at det skal vere godt og føreseieleg å drive med landbruk i Kvinnherad.
- Styrka og vidareutvikla Husnes som regionsenter til nytte for heile kommunen.
- Ta bort eigedomsskatt for å gje kommunen eit konkurranseforsteg i høve til nyetablering.
- Utvikle industri- og næringsareal i kommunen.
- Tilgang på bustad – og industriområde med tilrettelagd infrastruktur.
- Leggja til rette Husnes Industriområde med ferdig reguleringsplan som opnar for større service- og industrietablering.
- Arbeida for gode rammevilkår eksisterande verksemder og vidareføring av CO2-kompensasjonsmidlane til Hydro Husnes.
- Leggja til rette for nydyrking og evt. erstatta tapt landbruksareal ved utbygging.
- Styrka samarbeidet med lokalt næringsliv.
- Støtta tiltak som lokal matvareproduksjon, nisjenæring og turistnæring.
- Arbeida for å etablera Bondens Marknad i Kvinnherad.
Klima og miljø
Kvinnherad Venstre er opptekne av det klassisk naturvern og det biologiske mangfaldet. No er mykje av dette trua grunna rammeplanen til NVE for vindkraft. Kvinnherad Venstre meiner at sjølv om vindkraft er fornybar, så er det ikkje fornybart å rasere fjellheimen i Kvinnherad. Kvinnherad Venstre seier difor høgt og tydeleg NEI til vindkraft i urørt natur. Vi må òg ta vare på mangfaldet i havet og elvane våre, og støttar opp om arbeidet med elvekultivering for å sikre aure- og laksestammene våre. Vi vil arbeida for at oppdrettsnæringa stadig fornyar seg, og at drifta deira skal vere så miljøvenleg og berekraftig som mogleg. Lukka anlegg på land eller i sjø vil vere eit mål for å forhindre rømming, spreiing av sjukdommar og bidra til at havbotn rundt anlegga blir sunnare.
- Nei til vindkraft i Kvinnherad.
- Ny klima- og miljøplan med strengare klima- og miljømål enn i dag.
- Hurtigladestasjonar i fleire bygder,
- Leggja til rette for ei meir miljøvenleg/berekraftig drift av oppdrettsanlegga. Viktig at nye tiltak vert gjort i samarbeid med næringa og forskingsmiljøa.
- Oppgradering og modernisering av eksisterande kraftanlegg.
- Ja til elvekultivering for å sikra lokal aure- og laksebestand.
- Ta vare på det biologiske mangfaldet ved t.d. å sikra bier, blomstereng, planting av rette planter på t.d. busskura i kommunen og redusere skadeleg sprøyting.
- Få til kommunalt initiativ for å få ryddeaksjonar for å fjerne plast og avfall – i samråd med frivillige lag og organisasjonar.
- Friområde i dei fleste bygder, sikra allmenn ferdsel og tilgang til strand og skog/fjell.
- Støtta tiltak for å gjera kunstgrasbanane miljøvenlege ved m.a. utskifting av gummigranulat med meir miljøvenlege alternativ.
Helse og sosial
Gode helsetenester er ein avhengig av frå unnfangelse til grav. Helsestasjon og skulehelseteneste er dei fyrste instansane eit born møter i livet, og denne tenesta må vere trygg og god for både born og foreldre. Venstre ønskjer å oppretthalda, og helst styrka, dagens tilbod. Kvinnherad har utfordringar med fastlegedekninga, og vi må finne løysingar slik at vi får tilsett legar i dei vakante stillingane. Gruppa som arbeider for seniorsenter på Husnes skal ha mykje ros for initiativet, og Kvinnherad kommune må strekkje seg langt for å få dette senteret realisert snarast mogleg. Dette vil bli attraktive og trygge bustader med det siste innan velferdsteknologi som ein kan bu i resten av livet. Bustadane vil ha kort veg til butikk og kommunale tenester. Venstre meiner at dette er vegen å gå.
- Gode tenester og førebygging er grunnlaget for eit godt helsetilbod i kommunen gjennom heile livet.
- Styrka helsestasjonane og skulehelsetenesta.
- Førebyggande tiltak retta mot born/unge for å hindra utanforskap og fremja integrering og inkludering t.d. ved bruk av utekontaktane, SLT koordinator, ungdomskontakten i Politiet og Kvinnherad ungdomssenter.
- Kvinnherad skal ta i mot minst det talet flyktningar Fylkesmannen innstiller på. Om Flyktningtenesta og Vaksenopplæringa har kapasitet må ein vurdera å ta i mot fleire.
- Sikra og styrka drifta til Frivilligsentralen.
- Realisera seniorsenter på Husnes.
- Leggja til rette for seniortun i sentrale bygder med nær avstand til butikk og andre servicefunksjonar.
- Ta i bruk moderne og brukarvenleg velferdsteknologi som alarmar, smart-tun, sensorar, løfte- og transportløysingar for å lette belastingar for tilsette, brukarar og pårørande, og gjere at dei som ønskjer det kan bu i sin eigen heim så lenge som mogleg.
- Halda fram arbeidet med å rusta opp aldersheimane til kompetansesenter for rehabilitering, demensomsorg.
- Finna tenleg organisering ved bruk av samhandlingsavdelingar som «lokalsjukehus».
- Auka dagtilbodet på institusjonane.