Venstre sine miljøambisjonar for Voss herad

Voss Venstre

Les kva førstekandidat Elin Sein skriv om Venstre sine miljøambisjoner i Avisa Hordaland i dag 16. august:

Ambisiøs miljøpolitikk

Venstre er ikkje nøgd med miljøpolitikken til det politiske fleirtalet på Voss. Me har mykje større ambisjonar for miljøet i Voss herad, eit grønt og innovativt Voss herad.

Satsing på karbonfangst frå jordbruket har eg tru på. Men det er omtrent det einaste som har kome ut av miljø- og klimaplanen som nyleg vart rullert. Me var svært kritiske til planen, som me meinte var tannlaus og utan klare mål.

Venstre vil mykje med miljøpolitikken. Mellom anna vil me ha ei stor satsing på sykkelvegar og infrastruktur for lading av både el-syklar og el-bilar. Me vil ha større pott for tildeling av midlar til klimatiltak frå bedrifter og enkeltpersonar, me vil ha forbod mot nye tiltak med gummigranulat, me vil at alle kommunale bygg skal nytta fornybare energikjelder og me vil fjerna all eingongsplast frå kommunale avdelingar, bygg og institusjonar.

Klimarekneskåp må på plass
Ved nyleg rulleringa av miljø- og klimaplanen føreslo Venstre å innføra klimarekneskåp for Voss kommune. Det var omtrent ikkje eit augelokk frå dei raudgrøne som letta på seg når forslaget kom opp, og det vart galant nedstemt. At ordføraren no lettar litt på augelokka og dermed opnar for at me kan få på plass eit slikt tiltak er bra, men er det no berre fordi det er val? Eller har ordføraren snutt 180 grader på så kort tid?

Vatn med gummismak?
Rett ovanfor vasskjelda vår ligg eit enormt depot at gummigranulat. Prestegardsmoen flyt av slikt avfall og ved å sparka litt i bakken på stiane, kjem det menger til syne. Venstre vil krevja at drivarar av banar set i verk tiltak for å rydda områda sine, me vil krevja montering av rister i alle slukar, fastmontert kant kring bana for å hindre spreiing og ha restriksjonar for brøyting av snø. Ikkje minst vil me hindre nye tiltak som vil ta i bruk gummigranulat. At Voss kommune ikkje har sett i verk nokre tiltak så langt, motiverer oss desto meir til å få i gang arbeidet så raskt som mogleg. Venstre vil ikkje sjå på at slik forureining får halda fram. Ikkje i prestegardsmoen midt i vernesona for drikkevatn og heller ingen andre stader.

Skuffa
Flisefyringsanlegget på Gjernes er eit kapittel for seg sjølv. Ein kan seia mykje om både prosessar, kommunikasjon og økonomi, men faktum er at Voss kommune sjølv ikkje har makta å kopla seg på sitt eige anlegg. Eit anlegg med store ambisjonar om at både store, små og private aktørar skulle kopla seg på. Venstre er skuffa over korleis saka har vorte handsama og me vil krevja at planar for tilkopling av både tinghus og andre kommunale bygg, kjem på bordet snarast!

Sykkelvegar
I samband med sentrumsplan og kommuneplan vil Venstre sjå nøye på korleis det vert tilrettelagt for mjuke trafikkantar, syklistar og gåande. Avstandar vert ”mindre” for fleire av oss når både vegane vert betre og når ny teknologi gjer seg gjeldande. Den eksplosive auka i sal av el-sykkel gjer at avstandar me tidlegare definerte som for lange, no er innan rekkevidde og krav til nærleik for å unngå bruk av eigen bil er minkande. Dette må nye arealplanar ta inn over seg og legga til rette for. Venstre vil ha eit utstrakt nettverk av sykkelvegar.

El-ferje
Takka vera Venstre i forhandlingsposisjon med/i regjering, har vestlande no fått ei stor satsing på elektrifisering av ferjer. Denne utviklinga vil me ta del i til det beste for Voss herad. Ferjekaien i Kvanndal må tilretteleggjast for lading og elektrifisering av sambandet må på plass så snart som råd. Voss Venstre vil kjempa for ein rein og levande Granvinsfjord.

Klima- og miljøpolitikk grip inn i alle politikkområde og må vera vevd inn i alt me gjer i Voss herad.

Venstre er ein garantist for eit auka klimafokus og ein ambisiøs miljøprofil.

Elin Seim
1. kandidat
Voss Venstre