Gladmelding – klarsignal for nytt mediabygg ved Høgskulen!

Høgskulen i Volda

Statsråd Iselin Nybø (V) kunne i dag stadfeste at Høgskulen i Volda får nytt og etterlengta mediabygg. Gladmeldinga frå kunnskapsministeren vart presentert i samband med at ho tok turen til Volda for offisielt å opne det nye studieåret ved høgskulen.

“Ein svært gledeleg dag for Høgskulen, Volda og heile regionen vår. Flott at vi har ein fag-statsråd og ei regjering som ser verdien av å satse på Høgskulen med eit nytt og topp moderne mediabygg – og såleis viser vilje til å styrke Volda som framtidig studiestad. Eg vil gratulere studentane, og også takke dei tilsette ved Høgskulen som har arbeidd med stor tru på prosjektet i fleire år.” Det seier Hallvard Bjørneset som er ordførarkandidat for Venstre i Volda.

Bjørneset meiner det er svært tilfredsstillande å oppleve at iherdig lokalpolitisk arbeid overfor regjering og Storting kan gi positive resultat som dette.

Bjørneset tok del på pressekonferansen saman med statsråd Nybø og dei lokale toppkandidatane frå dei tre andre regjeringspartia.

Det nye mediabygget blir 4000 kvadratmeter stort og skal kunne ta i mot om lag 550 studentar saman med 50 tilsette. Bygget skal innehalde arbeidslokale for dei tilsette, og studio, teiknesalar, FutureLab og redaksjonslokale der studentane kan drive praktisk trening i medieyrka.

Etter planen skal det nye bygget stå ferdig sommaren 2021.