Hordaland Venstre ber Klima- og miljøminister Ola Elvestuen om å la Trænarevet vere i fred

Foto: Venstre

Partikollegaer i Nordland Venstre har bedt ministeren gjere om Miljødirektoratet si tilsegn om konsesjon til det tyske olje- og gasselskapet Wintershall. Hordaland Venstre sluttar seg til det opne brevet som er sendt frå Nordland. Vi meiner det er viktig både å ta vare på Trænarevet i seg sjølv og ikkje utsetje dette viktige leveområdet for fisk for risiko.

Hordaland Venstre meiner at framtida ligg i hausting og dyrking av havet. Å vere på lag med framtida er ikkje å auke leiting etter meir fossilt råstoff, men å leggje til rette for ei berekraftig hausting og forvalting av havet.

Vi veit at det er vanskeleg å trekkje tilbake eit løyve som allereie er gitt. Men vi meiner Klima- og miljøministeren har alt å tene på å rydde opp i gamle raudgrøne synder.

 

Uttale vedteke av fylkesstyret 14. august 2019