Kandidatpresentasjon: Ann Elin Piel

Ann Elin er Stavanger Venstres fjerdekandidat.

Kven er du?

Eg heiter Ann Elin Piel og bur på Mosterøy saman med mann og tre barn. Eg jobbar som lærar i sentrum og har vore medlem av Venstre i ein del år. Venstre har ikkje hatt liste på Rennesøy, så no gler eg med til å både røysta og ikkje minst stilla til val sjølv!

Ann Elin Piel

Kva er du opptatt av?

Klimamål. Stavanger har allereie vedtatt ein ambisiøs klimaplan, og skal me på øyane vera med på å nå måla, må mellom anna kollektivtilbodet også ut til Rennesøy og Finnøy bli betre. Eg er opptatt av ein god skule og trygg oppvekst, og ein verdig eldreomsorg.

Kvifor stiller du på Venstre si liste?

Fordi det er viktig å vera med å påverka. Kommunesamanslåinga er no ein realitet, korkje ein likar det eller ikkje. Den beste moglegheita for å vera med å påverka korleis den nye kommunen skal sjå ut, er å bruka stemmeretten og å stilla til val. Stem og sleng fleire øybuar inn i det nye kommunestyret!

Les mer om Ann Elin her.

Her finner du hele Stavanger Venstre sin liste.

Les vårt valgprogram her.

Godt val!