Sjølvmelding: Nils Bjarne Vold

Nils Bjarne er Suldal Venstres ordførarkandidat.

Sjølvmelding

Sjølvmelding: Eg heiter Nils Bjarne Vold, er 66 år og bur på Vikane, Suldalsosen. Til dagleg driv eg Vikane Hyttetun. Eg ønskjer å bidra til ei positiv utvikling i Suldal kommune. Målet mit er at kommunen skal bli så attraktiv at dei unge vel å flytta heim etter endt utdanning og at alle som treng omsorg får den hjelpa dei treng. Likeeins at gründerar og andre aktørar i næringslivet har Suldal som sitt førsteval.

Godt val!