Kulturen treng nytt tak over hovudet

Kulturhus
Foto; Ingjerd Thon Hagaseth

I fleire år no har Kulturindeksen kåra Nord-Aurdal kommune til ein av dei beste kulturkommunane i landet. Rangeringa seier mykje om kulturaktivitetane i kommunen – om konsertar og festivalar, publikumsbesøk og selde billettar, men lite om infrastrukturen og fasilitetane rundt kulturlivet. Korleis står det eigentleg til med kulturhuset i kommunen?

Dei siste åra har det pågått ein debatt om kulturhuset i kommunen. Nokre meiner det noverande huset er i elendig forfatning, og at det må byggast nytt. Andre seier at kulturlivet får ta til takke med det det har. Venstre i Nord-Aurdal, Valdres og Innlandet meiner kulturlivet i Valdres og innbyggjarane i kommunane er tent med eit nytt kulturhus.

I kulturplanen for kultur og idrett står ynske om moglegheitsanalyse for nytt kulturhus høgt på prioriteringslista. Ein moglegheitsstudie seier noko om situasjonen i dag, behovet for framtida – og om visjonar og ambisjonar for sektoren.

Som ein del av ein større samordna gatebruksplan for Fagernes har kommunen det siste halvåret no funne økonomisk rom for ein moglegheitsstudie. Kva som kjem ut i den andre enden, veit ingen, men noko er i ferd med å skje. Kan vi håpe på ein ny vår for kulturen i kommunen?

Kommunen er ein viktig bidragsytar i det kulturelle arbeidet – gjennom gode tilbod i kulturskulen og drift av kulturhus, bibliotek og idrettsanlegg – i tillegg til at han gjev økonomisk støtte til lag og organisasjonar, og driftsmidlar til museum, festivalar og andre arrangement. Fylkeskommunen bidreg til utviklinga med støtte til tiltak og arrangement.

Ambisjonane i kulturkommunen er høge, men draumen om det perfekte kulturlivet harmonerer ikkje alltid med den kommunale kvardagen. Kultursektoren er enno ein av dei minste sektorane i kommunane. Tal for 2017 viser at kommunane i landet brukte fire prosent av utgiftene på kultur. I gjennomsnitt per innbyggjar: 2297 kr. Bykle kommune brukar mest på kultur, Selje minst. Netto driftsutgifter til kultursektoren i fylkeskommunane var same året 274 kr per innbyggjar, ein nedgang på 8 kr frå året før (SSB). Kulturutredningen 2014 seier at kommunane sviktar som lokal støttespelar på kulturfeltet. Kulturlivet føler seg nedprioritert og i skuggen av andre aktørar. Skal det vere slik?

Kulturhuset på Fagernes var eit kjærkome investeringsløft då det stod klart i 1979. Huset har vore eit viktig samlingspunkt for kulturlivet i Valdres sidan då, og er det framleis, men lite er endra sidan bygget stod klart til bruk. Dei fysiske fasilitetane er etter kvart beskjedne, nedslitne, for småe. Taket lek. Den tekniske infrastrukturen er utdatert. Kulturhuset er ein stor sal og eit trongt bibliotek og ingen ting anna. Huset manglar … det meste.

Både Nord-Aurdal og Valdres treng eit nytt og moderne kulturhus og bibliotek for vår tid.

Mykje har endra seg sidan kulturhuset stod ferdig i ’79, ikkje minst kulturlivet sjølv. Kulturhuset på Fagernes er bygt for ei anna tid, og primært som mottakar av profesjonell kunst og kultur, distribuert gjennom nasjonale aktørar, som til dømes Rikskonsertane og Riksteatret. I dag produserer vi mykje av kulturen sjølv, men han gjer seg ikkje sjølv: Aktørane i kulturlivet treng eit fundament og ei ramme å bygge kunsten og kulturen sin på.

Korleis skal vi så huse kulturen og kulturaktivitetane for framtida? Framtidas kulturhus skal tene mange målgrupper med ulike behov. Framtidas kulturhus skal vere med på å sikre gode oppvekstmiljø, vere ein naturleg og trygg møteplass, sikre deltaking og inkludering for alle, ikkje minst flyktningar og andre nye valdrisar. Kulturhuset treng fasilitetar og funksjonar for det breie kulturlivet og for den profesjonelle kunsten, med tilpassa framsyningslokale, produksjonslokale og fleire scener. Kulturhuset skal vere brukshus for frivillige lag og organisasjonar og menneske i alle aldrarar – ikkje minst som arena for kulturskulen og ein samlingsplass for born og unge, med til dømes ungdomsklubb eller musikkverkstad.

Kulturen i kommunane betyr mykje for dei som bur der, men er òg salderingspost dei gongene politikarane finn det for godt. Kulturen er ikkje omfatta av føringar og krav, slik som til dømes helse er det. Staten forventar ikkje kulturhus på kvart nes. Difor er engasjementet for kulturhus også eit anna. Kulturelle investeringar kjem i andre rekke, etter at dei lovpålagde oppgåvene er unnagjorde, – og dei er prisgjevne politikarar som ser verdien av slike investeringar. Då er det viktig å ha ein kulturminister som vil mykje og politikarar på Stortinget og i Fylkestinget som prioriterer kultur, kulturskule og kulturhus i distrikta.

Kulturen eksisterer fyrst og fremst i kraft av seg sjølv og ikkje som resultat av kommunale initiativ åleine. Men som politikarar og kommune skal vi òg vakte oss for å ta kulturen for gjeven. Kulturlivet treng ein infrastruktur, eit rekkverk å halde seg i. Det blir ikkje skapt musikartalent, instrument eller teaterproduksjonar av tomme hender åleine. Kulturen i Nord-Aurdal – og i Valdres – treng eit løft – og eit nytt kulturhus.

Nord-Aurdal Venstre skal vere ein ansvarleg pådrivar for at kommunen i framtida set av ressursar til eit nytt kulturhus. Innlandet Venstre vil ta ei aktiv pådrivarrolle både i fylket og nasjonalt. Det er pengar å spare på god planløysing og langsiktig tenking. Å vente til den offentlege bygningsmassen fell ned, er også dyrt. Dyrare.

 

Knut Aastad Bråten, 1. kandidat Nord-Aurdal Venstre

Kjersti Kirkeby Ødegaard, 2. kandidat Nord-Aurdal Venstre

Ingjerd Thon Hagaseth, 2. kandidat Innlandet Venstre