Medlemskveld for Venstrelaga på Sunnmøre med besøk av Guri Melby

Venstre

Hareid Venstre og Vanylven Venstre inviterer alle nye og gamle Venstremedlemmar til medlemskveld torsdag 9. januar kl. 18.00 på Skollebakken Aktivitetshus (adr. Skollebakken 6 i Ulsteinvik).

Vi får besøk av stortingsrepresentant Guri Melby. Guri er leiar i programkomiteen for Venstre sitt Stortingsprogram 2021-2025.

Tema for kvelden vert mellom anna:

  • Refleksjonar og tankar etter valet 2019 og for 2020 ved Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven, og Annika Brandal, varaordførar i Hareid
  • Kva ynskjer du som medlem for 2020?
  • Stortingsprogrammet 2021-2025 ved Guri Melby

Vi vonar medlemmar frå dei omkringliggande lokallaga vil vere attme oss denne kvelden.