Valnemnda si innstilling for Vestland Venstre 2020 er klar

Valnemnda er no klar med si innstilling til årsmøtet i Vestland Venstre 8. og 9. februar 2020.

FYLKESSTYRE VESTLAND VENSTRE

Valnemnda kjem med eit samrøystes framlegg til samansetting av nytt styre for Vestland Venstre. Nemnda har lagt vekt på at det nye fylkesstyret skal bygge vidare på erfaring frå begge dei gamle fylkesstyra. Samtidig har det vore eit ønskje med fornying, noko nemnda meiner er ivareteke i forslaget. Det har vore viktig for nemnda å komme fram til personar som er gode medspelarar, og som er opptatt av å bygge organisasjon, nettverk og som kjenner dei ulike lokallaga. Nemnda sitt framlegg har god kjønnsbalanse, og dette har vore eit viktig prinsipp. Nemnda meiner at framlegget har rimeleg god aldersspreiing. Det finst fleire geografiske område i Vestland som ikkje er representert i styret. Dette kjem som resultat av dei prioriteringar som nemnda har gjort med tanke på erfaring, fornying og kjønn. Nemnda kjenner seg likevel viss om at dette er forslag til eit styre som vil jobbe godt for alle lokallag i heile Vestland.

Nemnda er samrøystes på kven ein foreslår som leiar og nestleiar, men er delt når det gjeld 2. nestleiar. Nemnda kjem med ei grunngjeving for dei som er innstilt til leiarverv, og inkluderer mindretalet sitt syn i dissensen.

Leiar Åsta Årøen

Bergen

Valnemnda innstiller Åsta som leiar. Ho har gjort ein god jobb som fylkesleiar for Hordaland og er svært motivert for vervet som fylkesleiar for Vestland. Åsta har lang erfaring og kjenner både Bergen og begge fylka godt. Nemnda meiner at Åsta har ein ro og eit fokus for styrearbeidet som er viktig for Vestland Venstre no. Vidare meiner nemnda at Åsta har dei kvalitetane som Vestland Venstre sin leiar skal ha, og ho vil verke samlande i det nye fylkeslaget.
Første nestleiar Jan Henrik Nygård

Kinn

Valnamnda innstiller på Jan Henrik som første nestleiar. Han har vore ein god fylkesleiar for Sogn og Fjordane fram til no. Han er motivert for vervet og opptatt av god dialog og lokallagsarbeid. Han har eit godt nettverk mot næringslivet, og lang erfaring frå styrearbeid og organisasjonar.
Andre nestleiar

(dissens)

Agnes Hoshovde Bernes

Alver

Fleirtalet i nemnda (5 stemmer) innstiller Agnes som andre nestleiar. Ho har lang leiarefaring, kjenner fylkespolitikken godt frå Hordaland, og har vore i kommunestyret i heimkommunen Alver. God organisatorisk, er initiativrik og har stor arbeidskapasitet. God på organisering av aktivitet og medlemsrekruttering.
Medlem (dissens) Bjørn Tore Sund

Osterøy

Mindretalet i nemnda (2 stemmer) ønskjer Bjørn Tore som andre nestleiar. Han har fram til no vore 2. nestleiar i Hordaland Venstre. Har styrke i lang erfaring med organisasjonsarbeid. Opptatt av å bygge Vestland Venstre og har gjort ein stor innsats for svake lokallag dei siste åra. Stor arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande og inspirerer. Har erfaring med å løfte eit svakt lokallag til å bli sterkt og velfungerande.
Medlem Jo Lerheim, Bergen
Medlem Elizabeth Toft Erichsen, Øygarden
Medlem Åge Avedal, Sunnfjord

 

Første vara Geir Angeltveit, Stord
Andre vara Jon Frogner, Stad
Tredje vara Njaal Neckelmann, Bergen
Fjerde vara Alf Helge Greaker, Bømlo

I tillegg har sideorganisasjonane rett på ein representant kvar som dei sjølv peikar ut.

Fylkesleiar i Hordaland Venstre, Åsta Årøen og fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Jan Henrik Nygård i eit felles styremøte i november 2018

LANDSMØTEDELEGATAR

Valnemnda legg fram forslag til følgjande prinsipp for innstilling til landsmøtedelegatar, Vestland Venstre:

Desse skal ha plass, og i slik rekkefølge:

  • Leiar og nestleiarar Vestland Venstre
  • Gruppeleiar fylkesting
  • Leiar Vestland Unge Venstre og Vestland Venstrekvinnelag
  • Byrådar (gruppleiar kan erstatte eitt byråd) og ordførarar
  • Varaordførarar
  • Leiar Bergen Venstre
  • Leiar Bergen Unge Venstre (dissens, eit mindretal på 3 ønskjer dette punktet stroke)
  • Statsrådar
  • Statssekretærar

Valnemnda har hatt som mål at prinsipp for samansettinga av landsmøteutsendingar skal gjenspegle mangfald og styrke i Vestland Venstre. I tillegg til posisjonane over, skal ein søke etter personar som har utmerka seg med å gjere ein særleg god jobb for Venstre. Ein skal også søke etter personar som er viktige for mindre lokallag der deltaking på landsmøte kan styrke motivasjonen. Ein skal så langt som råd er søke kjønnsbalanse og geografisk spreiing.

FRAMLEGG TIL LANDSMØTEDELEGATAR FRÅ VESTLAND VENSTRE 2020

  • med merknad om kven som er innstilt til landsstyreplass (Vestland har 3 i LS i 2020 etter regionreformen)

Valnemnda har fulgt forslaget til prinsipp for innstilling av landsmøtedelegatar. Plass 1-3 gjeld det nye fylkesstyret, og her har vi ført opp valnemnda si innstilling i desse verva.

1 Åsta Årøen Bergen Leiar Vestland Venstre (innstilt til landsstyreplass)
2 Jan Henrik Kinn 1. nestleiar, Vestland Venstre (innstilt til landsstyreplass)
3 Agnes Bernes Alver 2. nestleiar, Vestland Venstre
4 Gunhild B. Stang Fjaler Gruppeleiar i fylkestinget for Vestland Venstre (innstilt til landsstyreplass)
5 Ole Martini Stad Leiar Vestland Unge Venstre
6 ? ? Leiar Vestland Venstrekvinnelag
7 Julie Andersland Bergen Gruppeleiar i Bystyret, Bergen Venstre
8 Alfred Bjørlo Stad Ordførar
9 Gunnar Osland Askvoll Varaordførar
10 Torstein Tvinnerheim Stryn Varaordførar
11 Ane Brevik Bergen Leiar Bergen Venstre
12 Solveig Hillestad Askøy Bergen Unge Venstre
13 Atle Hamar Sunnfjord Statssekretær
14 Kristin Golf Etne
15 Per Arne Larsen Bergen
16 Eivind Tokheim Ullensvang
17 Anne Beth Njærheim Bømlo
18 Bjørn Tore Sund Osterøy
19 Peder Lofnes Hauge Bergen

Vara:

20 Jacob Nødseth Kinn
21 Elin Seim Voss
22 Elizabeth Toft Erichsen Øygarden
23 Elias Slåtten Sunnfjord
24 Astrid Dale Bjørnefjorden
25 Are Kvistad Sogndal
26 August Simonsen Bergen
27 Heine Johansen Bergen
28 Njaal Neckelmann Bergen
29 Tallak Rundholt Bergen
30 Dina Bovim Kinn

Fylkesstyret har mynde til å utnemne vara til landsstyret

 

Dette er valnemnda for Vestland Venstre:

Judith Kapstad

Leiar: Judith Kapstad, Sunnfjord
E-post: [email protected] Mobil: 995 26 822

Medlemmer:
Kariann Myklebust Fagerli, Stad
Arild Raftevoll, Askøy
Kjersti I. Vevatne, Osterøy
Petter S. Ulriksen, Ullensvang

I tillegg møter Unge Venstre med Ole Martini og Venstrekvinnelaget med Siw Bergesen

Varamedlemmer:
1. Grete Line Simonsen, Bergen
2. Anne-Beth Njærheim, Bømlo
3. Gunn Merete Paulsen, Sunnfjord
4. Vigdis Tonning, Sunnfjord