Alle har rett til…

På årsmøtet 20.januar vart følgjande uttale vedteke og vert sendt vidare til årsmøtet i Vestland Venstre:

«Alle har rett til å bli rekna som uskuldige til skuld er prova etter lova»

Det står i Grunnlova (§96, andre ledd) og lova slår vidare fast at «ingen kan dømast utan etter lov eller straffast utan etter dom». Me feirar denne lova kvar 17. mai, men Grunnlova gjeld kvar dag heile året. Dette gjeld og når haldningane våre vert utfordra som i saka om den såkalla «IS-kvinna i Al Hol-leiren» og barna hennar.

Me som samfunn burde ha lært av sviket som vart gjort mellom anna mot «tyskartøsene» etter andre verdskrigen.

Men vår avtroppande justisminister, Jøran Kallemyr, gjer seg til dommar når han seier i Aftenposten at: «Ho har brukt barnet sitt for å kome til Noreg» og at «No som IS har falt og ho ikkje lengre kan delta i ein organisasjon som torturerer folk, drep folk systematisk og valdtek kvinner systematisk, er det på tide å kome trygt attende til Noreg.»

Øygarden Venstre meiner det er høgst uvanleg at ein sitjande justisminister uttalar seg i ei pågåande straffesak. Det han gir uttrykk for er opplysningar som først kjem fram i eit avhøyr eller ei rettssak, det vil vere underleg om han allereie no har slik informasjon.

Venstre skal vere garantist for den liberale Grunnlova vår. Me må slå ring om denne viktige lova – og no ønskjer me oss ein justisminister som står opp for Grunnlova i gode og vonde dagar.