Første styre for Vestland Venstre er valt

Foto: Alfred Bjørlo

På fylkesårsmøtet for Vestland Venstre på Voss vart det valt nytt styre. Leiar er Åsta Årøen frå Bergen. Ho var inntil nyttår leiar av Hordaland Venstre. Med seg i styret får Årøen tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Venstre, Jan Henrik Nygård frå Kinn som første nestleiar.

Vidare består styret av andre nestleiar Agnes Hoshovde Bernes frå Alver og styremedlemmene Geir Angeltveit, Stord, Jo Lerheim, Bergen, Elizabeth Toft Erichsen, Øygarden og Åge Avedal, Sunnfjord.

Voteringa gjekk føre seg utan kampvoteringar, og styret har god breidde i geografi, alder og kjønn. Det nye styret gleder seg til å bygge Vestland Venstre som ein leiande grøn region.

 

Styret 2020:

Leiar: Åsta Årøen, Bergen

Første

nestleiar: Jan Henrik Nygård, Kinn

Andre

nestleiar: Agnes Hoshovde Bernes, Alver

 

Medlem: Geir Angeltveit, Stord

 

Medlem: Jo Lerheim, Bergen

 

Medlem: Elizabeth Toft Erichsen, Øygarden

 

Medlem: Åge Avedal, Sunnfjord

 

Varamedlemmer:

 

Første vara: Jon Frogner, Stad
Andre vara: Njaal Neckelmann, Bergen
Tredje vara: Alf Helge Greaker, Bømlo
Fjerde vara: Irene Storøy, Bremanger

 

I tillegg har sideorganisasjonane rett på ein representant kvar som dei sjølv peikar ut.