Kvardagsmeistring gir verdig alderdom

Foto: colourbox.com

Politisk uttale frå årsmøtet i Møre og Romsdal Venstre 9. februar 2020.

Nøkkelen til verdig alderdom ligg i samhandling mellom spesialisthelsetenesten og kommunane.

Vi treng ei styrking av tenester innan alderspsykiatrien. Møre og Romsdal Venstre vil ikkje at pasientgruppa som treng alderspsykiatrisk bistand skal vere salderingsposten når helseforetaket skal finne innsparingstiltak.

Vi lever stadig lenger, og er friskare lenger, men når vi når høg alder, så vil både kropp og sinn kjenne på belastningar etter eit langt liv. Nokre finn overgongen til pensjonisttilværet vanskeleg, og opplever rett og slett at ein ikkje taklar endringane. Andre får ei gradvis endring av den kognitive kapasiteten, og treng hjelp til å få kvardagen til å fungere.

Møre og Romsdal treng legar med spesialkompetanse for å behandle eldre. Mange kommunar har eit godt samarbeid med alderspsykiatrisk poliklinikk, som med jamne mellomrom bidreg med spesialisthelseteneste ute i kommunane. Vi ønskjer ei styrking av ambulerande tenester og samarbeid mellom kommunane og spesialisthelsetenesta. Dei legg til rette for eit godt liv i heim eller institusjon, i godt samarbeid med tilsette i helse- og omsorgstenestene lokalt.

Kommunane må sjå kvar enkelt og tilby tenester utfrå den enkelte sine behov. Dette inneber også butilbod, bistand og velferdsteknologi som er tilpassa ønske om å bu i eigen bustad.

Det er samfunnet sitt ansvar å tilby den fremste fagkompetanse til eldre, som opplever fysisk eller psykisk svikt.