Sett av midlar og bygg Stad skipstunnel no!

Kystverket

Politisk uttale frå årsmøtet i Møre og Romsdal Venstre 9. februar 2020.

Møre og Romsdal Venstre ber regjeringa om å prioritere full satsing på Stad skipstunnel i førstkomande budsjett. Kanossagangen for det viktigaste samferdselsprosjektet langs kysten har no vore lang nok.

No vonar vi styresmaktene vel å ha fokus på det viktigaste: ei tryggare ferd rundt Stad. Vi ynskjer oss meir gods frå veg til sjø. Vi ynskjer oss ein spektakulær reisedestinasjon i konkurranse med verda sine sju underverk, og vi ynskjer oss høve til å reise med hurtigbåt frå Bergen til Ålesund. Om ein er mest oppteken av miljøet, så bør ein fokusere på kva vi sparer her ved t.d. å flytte hundre trailerlass pr. dag frå Gudbrandsdalen til sjøvegen. Kor mykje tryggare er det ikkje for andre å ferdast langs veg, om vi heller frakta konteinarar i skip langs kysten?

Rolls Royce sin rapport frå 2018 viser at utsleppa kan reduserast med 60% med tunnel. Rapporten konkluderer med at ein skipstunnel vil gje raskare gjennomfart i indre lei mellom Ålesund og Måløy. Skipa vil bruke kortare tid og mindre drivstoff, og sleppe ut mindre klimagassar.

Verdiskapinga som skjer langs kysten i vårt område må telje sterkt i vurderingane. I følgje SSB-tal står Møre og Romsdal åleine for om lag 10 % av Noregs fastlandseksport. Ser vi berre på tala for fisk, så står nordvestlandet for nærare 30%. No er det på tide å sikre ein tryggare arbeidsplass for dei som tener til sjøs. Set av midlane, og bygg Stad skipstunnel no!