Uttalelse: Vindkraft på lag med naturen

Foto: Kjartan Allmenning

Ordførarnettverket ynskjer ein meir restriktiv politikk for utbygging av vindkraft på land, bygd sterkare på naturfaglege råd. Utbygging som skal gjerast må skje i små anlegg, i industrialiserte område, og på areal der naturverdiane allereie er forringa. Vi støttar uttalen frå landsstyret som seier at kraftproduksjon må skje på lag med klassisk naturvern og samisk kultur.

Motstand mot vindkraftutbygging

Venstre ynskjer å satse på grøn energi og klima. Ein turbin som skapar straum av å utnytte naturen sine ressursar er i prinsippet både rein og fornybar, og har blitt meir og meir aktualisert som god utnytting av naturressursane våre, men er heile produksjonen rein? Over heile landet vårt, frå nord til sør, opplever vi motstand der konsesjonar er gitt. Konfliktane i dag er i all hovudsak knytt til konsesjonar gitt med SP ved roret, eller i andre regjeringskonstellasjonar der Venstre ikkje har delteke, medan realiseringa av vindkraftverka skjer på eit tidspunkt der Venstre sit i regjering. Dei som får vindmøller i sin horisont vil knytte frustrasjonen til dagens regjering, sjølv om konsesjonar gitt av dei raudgrøne er i strid med våre verdiar.

Rein energi

Vengene på ein vindturbin er bygd av komposittmateriale, med usikkerheit om livssyklus og rutinar for resirkulering og gjenbruk. Med ein normal driftsperiode på berre 20 – 25 år kan det bygge seg opp eit stort avfallsproblem. Er vindmøller berekraftig dersom produksjon og avfall skadar miljøet og naturen? Er det tilstrekkeleg dokumentert at utbygging av vindkraft i Norge vil redusere bruk av fossilt brensel i Norge og Europa? Sjølv om fornybar energi er naudsynt å nytte for å fase ut fossil energi, er vi også avhengige av ein robust og intakt natur. Kva med potensialet for effektivisering og opprusting av eksisterande vasskraftverk, der energien i tillegg er regulerbar? Venstre er kunnskapspartiet. Vi vil vite kva vi gjer, før vi har gjort det.

Tap av naturmangfald

FN sitt naturpanel (IPBES) kom i 2019 ut med ein rapport som syner at arealinngrep er ein stor trussel mot natur- og artsmangfald både nasjonalt og globalt. Utbygging av landbasert vindkraft i Norge vil mange stader føre til stor nedbygging av natur, med tap av leveområde og artsmangfald som konsekvens. Desse vindkraftverka fører til store naturinngrep gjennom bygging av vegsystem og kraftliner. Veg vindkrafta sine føremoner opp mot slike tap? Det er dokumentert stor kollisjonsdødelegheit av rovfuglar i vindparkar, og trekkande fuglar er også utsette.

Lokal forankring

Ordførarnettverket meiner kommunane sine interesser bør styrkast. Kommunane må vite på førehand kva inntekter og utgifter kvart prosjekt vil gje, kva inngrep dei fører med seg, og korleis naturen kan vernast. Lokale syn må lyttast til, og kommunane må få auka sjølvråderett over eige areal. Vertskommunane må sikrast ein større del av inntektene for vindkrafta, uavhengig av kommunane si evne til å forhandle med profesjonelle utbyggarar.

Omsyn til reiselivet

Utbygging av vindkraft kan fort kome i konflikt med tilreisande sine ønskje om attraktive område for friluftsliv og naturoppleving. Det hastar å stanse tapet av natur, om vi skal gje generasjonane etter oss gode naturopplevingar.

Kunnskapsbasert forvalting av vindkrafta

Når vi ser kor dramatisk vindkraftprosjekta har endra seg sidan tildelingane var gitt, så er det viktig at vi endrar lovverket for å gje regjeringa makt til å sette ned foten. Framtidige konsesjonstildelingar må avgrensast i omfang – både flateareal og høgde – og ikkje minst i høve kor lenge gitt konsesjon skal vare. Venstre bør krevje at framtidig konsesjonsbehandling vert basert på ny kunnskap om naturmangfald og landskap, sett i samanheng med behovet for fornybar energi. Gamle, ikkje iverksette konsesjonar må behandlast på nytt ut frå den nye kunnskapen.

Venstres ordførarnettverk vil:

  • vere restriktive til utbygging av vindkraftanlegg på land
  • ha ei strategisk satsing på opprusting av vasskraftverk
  • endre lovverket, slik at det er mogleg å endre gamle, utdaterte konsesjonar
  • styrke det lokale sjølvstyret
  • prioritere natur- og artsmangfald høgare enn i dag

 

Uttalelse fra Venstres ordførernettverk, 4. juni 2020