Nytt samarbeid med Ap og Høgre – Venstre i posisjon

Etter valet hausten 2019 inngjekk Ap, Sp, SV og MDG eit forpliktande politisk og valteknisk samarbeid i Kinn kommune.
Desse partia fordelte mellom seg ordførar, varaordførar og alle utvalsleiarar. Etter at dette samarbeidet rakna i
samband med arbeidet med revidert budsjett i juni 2020 har det vore forhandlingar mellom AP, Høgre og Venstre som
saman har fleirtal i kommunestyret. Desse tre partia har no inngått ei forpliktande samarbeidsavtale.

Debatten om den nye kommunen Kinn har stått mellom dei som vil avvikle Kinn, og dei som vil utvikle Kinn.
Det nye samarbeidet har som hovudmål å rydde opp i dette og sikre ei god utvikling av kommunen vår.

15. september 2020 vart det gjort endringar i samansetning av politiske utval mv. i Kinn. Venstre får leiaren i det nyoppretta
utvalet for plan, miljø og næring, som er ei 40 % frikjøpt funksjon. Vi har nestleiarar i utval for oppvekst og kultur, og utval for
helse, sosial og omsorg. Det er oppretta eit nytt utval for samferdsle der Venstre òg har nestleiaren.

Du finn ei oversikt over våre folkevalde her.