#VLM20: Pauline Vik Vestly talte om distrikt og landbruk for framtida

foto: Oda Scheel

Rogaland Venstres Pauline Vik Vestly talte om distrikt og landbruk for framtida i den generelle politiske debatten på Venstre sitt landsmøte. Les innlegget ho hadde her.

Kjære landsmøte

Distrikts-Noreg har fleire utfordringar og me treng å rette merksemda rett veg.
Distrikta i Noreg treng ikkje hjelp. Det går kjempegodt! Det er der du finn dei mest kreative, arbeidssame og dei flinkaste folka.
Det Distrikts-Noreg treng derimot er likeverdige tilbod og moglegheiter, ikkje å bli nedprioritert gong etter gong.

Me treng at alle politikarane i Venstre kan svara på spørsmål om korleis me kan vera eit miljøparti, samstundes som me støttar opp under bønder og landbruk og har kunnskap om det som skjer utanfor bygrensene.
Kunnskap gir makt.

Det er ikkje å stikke under ein stol at Venstre har slitt i landbruksdiskusjonen. Framtida for landbruket må vera klimapositivt, høgproduktivt og det må vera økonomisk lønsamt for bonden.

Målet med landbruket kan ikkje vera statlege utbetalingar, målet må vera å ha bønder som lagar mat, jobbar for miljøet og tener pengar.
Dette er ikkje ny politikk, Venstrebonden har alltid vore ein sjølvstendig næringsdrivande bonde, ikkje ein ansatt i landbruksdepartementet.

Dei siste åra har forskning vist at det er mogleg å produsere mykje meir mat ved bruk av mindre land, og samstundes binda karbon i jorda. Denne teknikken heiter regenerativt landbruk.

Hovudfokuset er å laga matjord, binda karbon i jorda, og biproduktet er at ein får ei matjord som er mange gonger meir produktiv enn det ein har ved bruk av dagens teknikk.

Me må gjere det betre for bonden å vere bonde fordi ein likar arbeidet og ein gjer ein viktig jobb for samfunnet. Då blir skjemaveldet som me har i dag altfor byråkratisk, tidkrevande og ofte lite relevant for arbeidet som blir gjort.
Me må passa på å ha tiltak for rett grunnar.

Me må vere klare for ein tøff valgkamp og me må åpna augene. Venstre må utvikle politikk for regenerativt landbruk, det er framtidas landbruk, og Venstre er framtidspartiet.

Takk.