Gratulerer Sveinung! 1. nestleiar i Venstre

Foto: Oda Scheel

Vestland Venstre gratulerer Sveinung Rotevatn som første nestleiar i partiet. Vi stilte han eit par kjappe spørsmål med glimt i auget, slik at de kan verte enda betre kjend med vestlendingen.

Spørsmål 1:

Vestland og Venstre – dette er bokstavrim, men er det også to omgrep som heng uløyseleg saman?

  • Absolutt! Vestlendingen er tvisynt og nøktern, kan verdiskaping, er vendt ut mot Europa, glad i natur og (ikkje minst) nynorskbrukar. Venstre er med andre ord det naturlege partivalet for vestlendingen. Så er då også Vestlandet eit tradisjonelt kjerneområde for partiet vårt, og det skal det halde fram med å vere.

Spørsmål 2:

Kva tenkjer du om salsargumentet – «Stem Venstre, då får du mest makt per avgitt stemme» :-)?

  • – Det er det tvillaust mykje sant i. Vi har 4,4 prosent, og sit med fire statsrådar og styrer viktige saksområde. Det har med å gjere at vi er eit sentrumsparti som kan finne saman med andre på Stortinget, og gjennom konstruktivt samarbeid får stort gjennomslag for politikken vår.

Spørsmål 3:

Korleis skal du få kvinner i 50-åra, med sans for landelege og/eller mjuke verdiar til å stemme på deg og partiet Venstre?

  • Mange av dei stemmer heldigvis Venstre allereie! Eg tenkjer det handlar om å få fram den humane asylpolitikken vår, den gode politikken for å sikre billegare barnehage og SFO for låginntektsfamiliar, den internasjonale solidariteten som alltid har stått sentralt for Venstre og ikkje minst kampen for eit trygt velferdssamfunn som ser også dei som sit nedst ved bordet.

Spørsmål 4:

Kjem det fleire parterapi-filmar frå dykk i leiartrio?

  • Vi får vel ta så mange terapitimar som nødvendig.

 

Har du sett trioterapi-snutten med Guri, Sveinung og Abid på Facebook? Om ikkje sjå den her: https://www.facebook.com/10254410675/posts/10159362205580676/?vh=e&extid=nSLgBA85bhuEaQ3y