-Stad skipstunnel må bli realisert

Lena Landsverk Sande, Foto: Oda Scheele

Landsstyremedlem Lena Landsverk Sande snakket om Stad skipstunnel da hun holdt sitt innlegg i generell politisk debatt på Venstre sitt landsmøte 2020. Innlegget er gjengitt her.

Kjære landsmøte!

Planen var å nytte tida mi i dag til den viktige rusreforma, men når vi no er så tett på budsjettframlegginga, så berre MÅ eg snakke fram Stad skipstunnel.

Sidan 2. verdskrig har opprørt hav ved Stad ført til fleire nestenulykker, ei rekke med skip har forlist, og 34 menneske har drukna i forsøket på å runde Stad. Så seint som den 8. september, denne månaden, vart alle etatar og ressursar sett i beredskap då eit større frakteskip fekk motorproblem og dreiv mot Stad. Og vi hugsar alle cruiseskipet utanfor Hustadvika med 1300 passasjerar ombord, som også fekk motortrøbbel i uroleg sjø. Kan vi tenkje oss konsekvensane om slike store skip går på grunn?

Vikingane drog båtane over fjellet for å berge seg for opprørt hav. Det gjer ein ikkje lenger, men havet er framleis vilt og uforutsigbart. Og Stadhavet deler framleis Norge i to. Vi har sør for Stad og vi har nord for Stad, og det er inga sjølvfølgje å passere. Det er ein møysommeleg planlagt operasjon. Ein skipstunnel vil binde landet vårt saman sjøvegen. Vi får ei sikrare ferd for sjøfarande, og tapa for oppdrettsnæring og fiskebåtar vert mindre ved å unngå forsinkelsar eller forringa last ved venting sør eller nord for Stad. Og kjære Venstre-vener. Stad skipstunnel er ikkje eit lokalt prosjekt. Det er ikkje eit vestlandsprosjekt. Det er eit kystprosjekt, eit nasjonalt prosjekt, som skapar stor internasjonal merksemd. Kor ofte blir eit norsk pionérprosjekt løfta fram i NewYork Times, slik Stad skipstunnel har blitt?

Politikk er å ville – og å handle. Vil vi – så handlar vi! Det er no vi sit med makta – og kan utgjere ein skilnad!

Hemmelegheita med å kome på forskot er å kome i gong, sa Mark Twain. Vi kan altså bli dei første i verda som bygger skipstunnel. Det vil gje oss ny kompetanse, vi aukar potensialet for nye næringar – også innan transport og reiseliv, og vi viser at vi gir noko tilbake til kysten, som står for størstedelen av våre eksportretta næringar. Og når vi som parti kan klappe oss på skuldra fordi vi har sikra 32 milliardar til jernbane, så skal vi også gå i front for å få ei oppstartsbevilging til skipstunnel i 2021 på 60 millionar. No må vi løfte fram dei verdiane vi sparar og dei vi skapar, ved å gripe sjansen til å få på plass verdas første skipstunnel.

Samtidig som vi bidreg til meir verdiskaping langs kysten ved å bygge ein sikrare arbeidskvardag for dei mange som lever av sjømat og havnæringar, sparar vi miljøet ved å redusere utslepp av klimagassar opp mot 60%, fordi skipa vil bruke kortare tid og mindre drivstoff, grunna mindre motstand.

Stad Skipstunnel er først og fremst livbergande, og næringsfremjande for heile kysten. Vêrforholda vert ikkje mildare, sjølv om båtane vert større og betre. Fisken som er landa i båten toler ikkje fleire liggedøgn før lasten må skrotast. Og sjølv om havnæringane styrer arbeidsdagane og -vekene etter vêrmeldingane, så vil uansett færre verdiar gå tapt, dersom skipstunnelen er der og kan sikre tryggare ferd rundt det mest hardføre vegstrekket langs kysten.

Vi har prioritert Stad skipstunnel i vårt program, vi har fått den inn i NTP, så no er tida komen for å få realisert verdas første skipstunnel.

Landsmøte 2020. Innlegg Generell politisk debatt. Lena Landsverk Sande