Helse, miljø og samfunnsutvikling

Evy Beate Stykket og Steinar Sæland

Venstre betyr samfunnsansvar og vern om individet

Eit godt og inkluderande lokalmiljø har gode møteplassar for alle. Midt-Telemark Venstre vil føre ein målretta politikk for at kommunen sine tettstader og grender skal utvikle seg til blømande stader med gode offentlege møteplassar for alle generasjonar. Eit nærmiljø utan tette skott mellom grupper og organisasjonar vil føre til at fleire vil finne seg til rette. Me må derfor tilby eit breitt spekter av organiserte aktivitetar, i tillegg til opne, uformelle møteplassar for alle. Godt sosialt nærmiljø er førebyggande helsearbeid!

Kultur står sterkt i regionen vår, og i samarbeid med lag og foreiningar må kommunen derfor legge til rette for at menneske i alle aldrar skal møte kulturen i ulike former. Kultur er meir enn underhaldning. Det er ein måte å uttrykke seg på og vere seg sjølv. Midt-Telemark har lange og rike tradisjonar som må vidareutviklast og styrkast. Kommunen vil vere ein viktig samarbeidspart med fylkeskommunen for å ta vare på og utvikle vidare dei rike og folkelege tradisjonane i Telemark.

Midt-Telemark kommune skal halde fram med satsinga si på å ha ein aktiv miljøpolitikk som sikrar komande generasjonar moglegheitar for godt liv.

All tettstad- og tenesteutvikling skal vere berekraftig og framtidsretta. Dette ynskjer Midt-Telemark Venstre skal vere fana vår for korleis me skal ta vare på og videreutvikle kommunen. Me skal ha rein luft, reint vatn og me skal ta vare på det biologiske mangfaldet.

Midt-Telemark kommune skal spele ei aktiv rolle i å redusere klimagassutsleppa. Dette skal me gjere ved å stille miljøkrav til oss sjølve og til utbyggarar i kommunen. Kommunen må gå føre å gjere det enklare å velje grøne alternativ, samt å legge til rette for nye og innovative løysingar som fremjer klimakampen.

I Midt-Telemark har me gode føresetnader for å ta vare på helsa vår, med rik tilgang på vakker natur og gode friluftsområde. Men helse er ikkje berre å halde seg i god fysisk form. Me må også ha det mentalt bra, uansett alder. Midt-Telemark har allereie ei viktig satsing på folkehelse gjennom folkehelsekoordinatoren. Dette arbeidet vil me fortsatt bygge opp under.

Demokrati handlar om deltaking, tilhøyrsle og like moglegeitar til å påvirke utviklinga. Det handlar om at flest mogleg tek del i, og forstår, flest mogleg av avgjerdene som angår dei sjølve. Kommunen har eit særskilt ansvar for å informere godt om saker, og i god tid før avgjerder blir tatt. Det er ikkje nok å si at ting er tilgjengeleg på nettsidene, ein må også aktivt informere innbyggjarane i viktige saker. Lokaldemokratiet må styrkast, slik at alle i den nye kommunen blir deltagande i å skape ei god, felles framtid i Midt-Telemark.

Den enorme auken i bruk av informasjonsteknologi gjer at presset mot personvernet og det private rommet til den enkelte blir stadig sterkare. Det offentlege og kommunen har eit særskilt ansvar for at lagring, bruk og vidareformidling av personopplysningar skjer i tråd med Personopplysingslova.