Fridom og moglegheiter for alle!

Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn er leiar for Venstre sin programkomité., Foto: Oda Scheel

Å lage nytt stortingsvalprogram er noko av det viktigaste eit parti gjer. Og i dag har eg gleda av å legge fram programkomiteen sitt førsteutkast til Venstres stortingsvalgprogram 2021-2025: Frihet og muligheter for alle!

Fridom er heilt sentralt, både for oss som enkeltmenneske og for oss som samfunn. Både i notid og framtid. Det handlar om kvardagen til folk, det å ha reelle moglegheiter i livet, å skape føresetnader for at alle kan leve sine liv på eigne premiss. Det handlar om fridom til å ta den utdanninga du drøymer om, til å starte den bedrifta du brenn for, til å leve det familielivet du ynskjer.

Last ned første utkast til Venstres politiske program 2021-2025, “Frihet og muligheter for alle”

Klimakampen – vår aller viktigaste utfordring.

Vi er den første generasjonen som opplever klimaendringane, og den siste som har moglegheit til å stoppe dei. Vår fridom kan ikkje gå ut over våre barn og barnebarn. Difor er klimakampen vår aller viktigaste utfordring. Den løyser vi berre i fellesskap, og berre i samarbeid med andre land. Venstre har vist at vi kan kutte utslepp fire år på rad. Vi skal nå klimamåla og saman kan vi løyse den største fridomskampen i vår tid.

Næringslivet, nyskaping og kreativitet

Koronapandemien har vist oss kor utsatt vår opne verdsorden er. Vårt svar på dette er meir samarbeid, ikkje mindre. Pandemien har treft helsesystemet og økonomien vår tungt og dei neste fire åra må vi svare på desse utfordringane. Difor satsar vi på næringslivet, på nyskaping og kreativitet.

Dei neste fire åra vil vere avgjerande i klimakampen og for norsk økonomi. Er vi oss sjølve nok, eller skal vi våge å ta sjansen, satse og løyse dei utfordingane vi står overfor i fellesskap? Dette programutkastet er eit svar på kva vi meiner er dei viktigaste utfordringane i vårt samfunn dei neste fire åra, og korleis vi meiner dei skal løysast.

Kom med innspel

Programmet blir den viktigaste saka på Venstre sitt landsmøte til våren, men før det skal programkomiteen få innspel frå lokallag og medlemmar frå heile landet.

Har du innspel? Ta kontakt med ditt lokallag eller send inn innspel her!

Send inn endringsforslag til førsteutkastet av programmet

Høyr Sveinung om programutkastet i podkasten «Fire nye år»

Fire nye år