Velkommen til fylkessamling for Vestland Venstre 14. og 15. november

Vestland Venstre arrangerer fylkessamling for alle medlemmer helga 14. – 15. november. Med den pågåande smittesituasjonen vert samlinga digital. Tema for samlinga er «Vegen fram mot stortingsvalet 2021», og saman skal vi desse to dagane ruste oss for valkamp og god venstrepolitikk i alle lokallag.

Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn. Foto: Oda Scheel

Det store trekkplasteret blir vår eigen klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. Han vil som leiar av programkomiteen i Venstre innleie om førsteutkastet til stortingsvalprogrammet og delta i debatten på ulike politiske tema.

Her er ei lenkje til førsteutkastet

Denne helga skal vi også mellom anna dele ut Vestland Venstre sin miljøpris for 2020.

Sett av helga og bli med!

Tid: Laurdag 14. november frå kl. 12.30 og søndag 15. november frå kl. 11.00
Stad: Digitalt via Zoom

Meir info og lenkje vert sendt ut på e-post til medlemmane.

Kva er Zoom og korleis deltek eg via Zoom?

Ramma for programmet er slik:

Laurdagen vert det registrering, pålogging og testkøyring frå kl. 11.30.
Samlinga starter kl. 12.30 og held fram til kl. 18.00
Søndag startar programmet kl. 11.00 og vi held på til kl. 15.00

Program for helga:
Laurdag

11.30 Registrering og pålogging i Zoom – testrommet er ope
12.30 Samlinga startar – velkommen ved leiartrio + litt køyrereglar for den digitale samlinga.
13.00 Valkamputvalet presenterer seg
13.15 «Gode erfaringar frå 2017» – Frode N. Fjeldstad innleier om erfaringar frå stortingsvalkampen i 2017. Spørsmål.
14.15 «Korleis skal vi inspirere kvarandre til auka aktivitet i lokallaga og auka merksemd om Venstre sin politikk lokalt?»
Innleiingar frå fleire lokallag og innspelsrunde med tips og erfaringar.

15.15 – 15.45 Lunsjpause (30 min)
15.45 Tema: Ulike grøne energiformer
Innleiingar og debatt

16.30 «Stortinget bestemmer – Kva skjer der av viktige saker no»
Parlamentarisk leiar Terje Breivik og politisk rådgjevar Susanne Bondevik fortel om korleis stortingsgruppa arbeider og kva saker som kjem opp i Stortinget framover. Her blir det også høve til å stille spørsmål.

18.00 Slutt for dagen

Søndag
09.00 – 10.50 Fylkesstyremøte
10.30 Testrom opnar

11.00 Program startar for dagen

11.00 «Frihet og muligheter for alle»
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn innleier om førsteutkastet til stortingsvalprogram

Oppsummering av problemstillingar frå dei digitale arbeidsmøta i fylkeslaget ved leiartrio.

Debatt på dei ulike kapitla. Her finn du førsteutkastet til program.

13.00 – 13.30 Lunsjpause (30 min)
13.30 Utdeling av årets miljøpris
14.00 Fylkestingsgruppa orienterer om kva som skjer på fylket for tida

15.00 Avslutning ved leiartrio

I tillegg til lunsjpausene vert det småpausar undervegs.

Håpar du vert med oss i samlinga frå din godstol!

Helsing styret i Vestland Venstre