Populær ordførar på topp for Venstre

Lena Landsverk Sande, direktevalgt medlem av Venstres landsstyre, Foto: Oda Scheel

Lena Landsverk Sande vert Venstre sin toppkandidat i Møre og Romsdal. Ho er ordførar i Vanylven kommune og fekk ein oppslutnad på 21,4 prosent i 2019.

– Eg er svært takksam for å toppe lista for Venstre i vekstfylket Møre og Romsdal. Ryggraden i arbeidslivet og verdiskapinga i heile landet er dei små og mellomstore bedriftene. Vi må fortsetja å betra vilkåra for bedriftene som bidreg til lokalsamdunn i heile landet.

– Samstundes må samferdsel prioriterast. På Vestlandet må avstandane gjerast kortare for å knyte folk tettare saman. Samstundes er det avgjerande for tusenvis av arbeidsplassar innan eksportretta næringar. Eit døme på det er Stad skipstunnel, som blir ein kampsak dei neste åra, seier, Landsverk Sande.

Landsverk Sande gjorde eit brakval i Vanylven allereie i 2015. Ho vart då den første kvinnelege ordføraren i kommunen, og er tidlegare rektor og lærar.

Mei info: Lena Landsverk Sande: 452 27 168