Fråsegn: Sats på sjølvmordsførebygging – psykisk helse må prioriterast

Foto: iStock

Sjølvmord er eit stort samfunnsproblem, som i dag tek langt fleire liv i Norge enn trafikkulykker og drap til saman. I tillegg til tapet av eit menneskeliv sit vi att med mange etterlatte etter sjølvmord, som rapporterer om høgare nivå av avvisingskjensle, skam, stigma og trang for å skjule det som har skjedd.

Fråsegn vedteke av Venstres landsstyre 31. oktober 2020

Tala for trafikkdødsfall inkluderer alle som har døydd i transportulykker. Det døde 400-500 personar i trafikken kvart år på 1950-tallet, som auka på til ein topp med 853 dødsfall i 1973. Etter sterkare nasjonal satsing med mål om nullvisjon av døde i trafikken har det gått betre, og i det foreløpig beste året, i 2017, var talet døde i trafikken nede i 152. På same vis som med trafikkdød, må vi og ha en visjon om null sjølvmord i Noreg.

Drap har heldigvis alltid vore på eit relativt lågt nivå i Norge. Om vi ser vekk frå 2011, då landet vart ramma av terror, har vi mist mellom 9 og 66 personer i året. Også det altfor mykje, og også det i stor grad knytt til dårleg psykisk helse.

På 1950- og 1960-talet låg talet registrerte sjølvmord på mellom 200 og 300 i året. Deretter auka det på, fram mot ein foreløpig topp med 677 registrerte sjølvmord i 1991. Deretter gjekk det noko ned att, men kom aldri under 490 før det igjen auka på og nesten nådde rekordnivået igjen i 2018. Då tok 673 nordmenn sjølvmord. To av tre som tek sitt eige liv er menn, og 40 % av sjølvmorda er ikkje varsla på førehand.

Sjølvmord har store konsekvensar for familie og andre nære personar, og for samfunnet elles. Reknar vi 10 etterlatne per sjølvmord så har vi 5000-6000 etterlatne i Noreg kvart år. Skal vi få sjølvmordstalla ned i Noreg så må førebygging og oppfølging starte tidleg. Barn og unge treng reiskapar og verkty for å takle stress, kriser og vanskelege utfordringar i livet. Om ein treng profesjonell pleie og stell er det viktig med betre samhandling og samkøyring gjennom hele pleieperioden. Det må vere tydelig kven som skal følge opp før pasienten skrivas ut frå staden der ein får pleie. Oppfølginga må tilpassas pasienten sitt liv utafor institusjonen, slik at vi sikrer jamn oppfølging og støtte.

Folkehelseinstituttet viser til ei rekkje studiar som viser til at vi finn høgare førekomst av posttraumatiske stressreaksjonar, forlenga sorg, depresjon, angst og sjølvmordstankar og/eller -forsøk hos etterlatne etter sjølvmord. Tilsvarande psykiske og fysiske plager er og viste hjå etterlatne ved annan brå død.

Vi må anerkjenne det store sjokket pårørande kjem i når dei misser nokon til sjølvmord, og vi må legge gode strategiar for korleis vi kan førebygge sjølvmord, ved å sette fokus på einsemd og psykisk helse. Vi må ha eit system som legg til rette for at vi stiller spørsmål når slike hendingar skjer, sjølv om vi møter pårørande i sjokk, og med kjensle av avmakt. Det må stillast ei rekkje kritiske undersøkande spørsmål om kva som skjedde, og kva som må gjerast for andre for å unngå at det skjer igjen. Dette gjer vi i dag ved trafikkulykker, og når nokon vert drepne. Vi stiller spørsmål, og vi krev svar. Også offer til sjølvmord fortener denne oppfølginga. Sjølv om det er for seint for det mennesket vi har mista, så kan kunnskapen berge andre i framtida.

Når trafikkulykka eller drapet er eit faktum, så er pressa si merksemd markant. Er dødsårsaka sjølvmord legg ein gjerne lok på saka. Nokre hevdar også at det skal dyssast ned fordi vi ikkje ynskjer smitteeffekt grunna stor offentleg omtale. Det er såleis forståeleg at pressa held tilbake av frykt for å inspirere til sjølvmord i staden for å hindre at det skal skje igjen. Samtidig er det ei ekstra belastning for etterlatne når tapet deira får ubehagelig omtale og merksemd.

Vi bør løfte fram psykisk helse og sjølvmordsførebygging som viktig satsing for framtida. Norge er eitt av dei beste landa å bu i, men likevel klarer vi ikkje å gjere nok for dei mange som slit med den psykiske helsa. Sinnet er ein del av kroppen, og alt heng saman med alt. Vi må handle raskt om vil hjelpe fleire til å ville leve livet.