Tekst av Kjersti I. Vevatne, heradsstyrerepresentant Osterøy Venstre
-
drastiske kutt (sjå liste under) som likevel ikkje er nok, og eit negativt resultat på 19 raude millionar
-
bruk av alle sparepengane våre (nulle ut dei 19 millionane i forrige punkt)
-
Barnehagestrukturen må vurderast. Det er signalisert i tidlegare møte at det kan bli aktuelt å ha offentleg barnehage fire stader i kommunen: Fotlandsvåg, Lonevåg, Hauge og Haus. Dette står ikkje uttrykt i budsjettframlegget, men det vil fort kome framlegg om å leggja ned barnehagane i Mjøsdalen og på Valestrand når neste byggetrinn av Hauge barnehage er fullført.
-
Forslag om at Fotlandsvåg og Haus skule vert oppveksttun. Mellomtrinna (5-7 klasse) vert overført til Lonevåg skule.
-
Forslag om reduksjon i overtid og i stillingar i skulen
-
Forslag om auka brukarbetaling SFO
-
Forslag om færre småbarnsplassar i barnehage (grunna lågare fødselstal)
-
Forslag om å gjere pedagogiske leiarstillingar om til barnhagelærarstillingar
-
Forslag om reduksjon i barne- og familieteamet.
-
Forslag om kutt i talet på dei som får tilbod frå NAV om deltaking i kvalifiseringsporgrammet
-
Forslag om å ikkje opprette ny stilling som sakshandsamar hos NAV (her ligg vi under alle normtal)
-
Forslag om at lærlingordninga vert avvikla med ingen nye lærlingeplasser frå 2021 (vi har få plasser i utgangspunktet, og dei er viktige for rekruttering særleg innan helse)
-
Forslag om redusert bemanning på natt på Osterøytunet
-
Forslag om redusere oppgåver og bemanning på kjøken ved Osterøytunet
-
Forslag om mellomvakt ved RAUS kun i vekedagar
-
Forslag om å ta vekk vikarbudsjett i psykiatritenesta
-
Forslag om reinhald på skulane fire dagar i veka i staden for fem.
-
Forslag om redusert reinhald på kontor til annakvar veke.
-
Forslag om at brann kuttar kurs som ikkje er obligatoriske
-
Forslag om mindre vedlikehald av bygningar og vegar
-
vanskar med å følge opp dei tilsette på ein god måte. Mellomleiarar har ansvar for eit høgt antal tilsette (40-60)
-
endringar i tenestene skal gjennomførast til dels utan ekstra bruk av ressursar. Ein må t.d. gå ut frå at tilsette kan ta i bruk ny teknologi utan særleg tid til opplæring.
-
me tilbyr for låg lønn til sjukepleiarar som gjer at vi greier ikkje rekruttere, og som gjer oss avhengig av vikarbyrå.
Photo by Taylor Wilcox on Unsplash
-
Nok ein gong må sektor for oppvekst vere med på å ta støyten for kommunen sine aukande utgifter knytt til nye krav og nye finansieringsordningar som ligg innan helse og omsorg. Nedlegging av skular i 2013 skjedde på grunn av dette. Det same skjer no med barnehagestruktur og skulane i Fotlandsvåg og Haus.
-
Det er slitasje i alle sektorane, og tilsette melder til dels om at dei rekk ikkje over oppgåvene sine. Fleire stader i budsjettet går det fram at det er store vanskar med å følge opp dei tilsette på ein god måte, t.d. med medarbeidersamtalar. Endringar skal gjennomførast utan tilleggsressursar. Hovedverneombud burde hatt større stilling enn dagens 20%. Dette medverkar til at det er fare for at tilsette vert for lite involvert og deltakande i overordna prosessar.
Budsjettutkastet vert drøfta i formannskapet på onsdag, og vert deretter jobba vidare med både i administrasjonen og i dei politiske partia. Eg meiner det er utruleg viktig at drøftinga om korleis vi skal jobbe vidare til beste for Osterøysamfunnet når ut til alle oss som bur her; enten ein har ungar i barnehage og skule, har foreldre på Osterøytunet, eller jobbar i tenestene sjølve. Dette gjeld oss alle.
Saksframlegget finn du her.