Vinden snur!

Sveinung Rotevatn og Lena Landsverk Sande
Foto: Oda Scheel, Venstre

Vindkraftdebatten har over lang tid skap stor uro i mange lokalsamfunn. Det er noko av bakgrunnen for at regjeringa før sommaren la fram ei stortingsmelding med ny vindkraftpolitikk, som no ligg til behandling i Stortinget.

For Venstre har det lenge vore klart at gjeldande regelverk for vindkraftutbyggingar ikkje er godt nok, og vi er glade for at dette no ligg an til å bli endra. For Venstre har det vore særleg tre ting som har vore viktig å gjere noko med:

For det første er det klart at naturverdiar ikkje har blitt vektlagt nok. Det har etter vår meining ikkje vore strenge nok krav til utgreiing av konsekvensane for lokalt natur- og dyreliv, og kunnskapen som finst har i mange tilfelle ikkje blitt lagt nok vekt på av politikarane som har godkjent søknadar.

For det andre har det ikkje vore god nok involvering av innbyggjarane. Sjølv om det knapt har skjedd at det har blitt gitt ein vindkraftkonsesjon utan at kommunen har støtta prosjektet, meiner vi likevel at kommunar og innbyggjarar gjennomgåande har vore for dårleg involvert i prosessane, særleg på eit tidleg stadium.

For det tredje: Det har ikkje vore strenge nok reglar rundt rammene i prosjekta, noko som har ført til at fleire prosjekt har blitt endra vesentleg etter at konsesjon er gitt. Til dømes har turbinhøgda auka fleire stadar, noko mange, også dei som i utgangspunktet støtta godkjente prosjekt, har reagert på.

No ryddar vi opp

Vi skal leggje meir vekt på omsyn til natur. Det betyr at vi skal stille strenge krav om grundige utgreiingar av kva konsekvensar av eit prosjekt vil få for flora og fauna, og det vil bli tungt vektlagt i handsaminga av søknader. I utgreiingane av samfunnsøkonomisk lønsemd skal vi særleg sjå på korleis vi skal setje pris på naturverdiane, slik at det ikkje berre er pengane som rår. Det er òg ein av grunnane til at Venstre i vårt forslag til stortingsprogram føreslår å innføre ei eiga arealavgift på urørt natur, som skal gjere det meir lønsamt å gjennomføre ulike bygg- og anleggsprosjekt andre stadar.

Vi skal sørge for at dei lokale får ei sterk hand på rattet. Det gjer vi særleg med eitt stort grep, nemleg at vi no legg opp til regionvis handsaming der heile fylka/regionen skal sjåast under eitt. Då vil kommunar og fylkeskommunar jobbe saman med NVE gjennom heile prosessen. Det gjer at vi kan unngå at einskilde område blir overbelasta av fleire prosjekt, fordi vi kan sjå heilskapen.

Det vil bli lagt større vekt på syn frå kommunen og fylkeskommunen. Vi skjerpar tidsløpet. Det skal ikkje kunne bli mange og store endringar undervegs i prosjektet frå det får godkjenning til byggjestart. Det kan ikkje vere sånn at nokon får konsesjon til å bygge eit prosjekt, og så, mange år seinare, kjem med mykje større turbinar og kan setje i gong. Det vil ikkje vere mogeleg med systemet vi no fremjar. Konsesjonen skal seie noko om maks høgde på turbinane.

Dette er politiske endringar som har vore viktig for Venstre å få gjennomslag for. I sum vil det gjere at vi i framtidige prosessar rundt vindkraftutbygging vil legge meir vekt på natur, og at lokalsamfunn får sitje med handa på rattet i avgjerslene.

Venstre prioriterer miljø

Vi må ta vare på både natur, dyreliv og klima. Sjølvsagt skal vi ha fornybar energi i dette landet, men utbyggingane må skje innanfor toleevna til naturen, og med lokal involvering. Det jobbar vi for kvar dag, og vi tek no grep for å rydde opp og stramme inn regelverket. Det er ein siger for naturen.

Sveinung Rotevatn, Klima- og miljøminister og 1. nestleiar i Venstre
Lena Landsverk Sande, 1. kandidat stortingsvalet, Venstre