Startløyving til Stad Skipstunnel i 2021: – Ei ny tid for Vestlandet!

Alfred Bjørlo og Lena Landsverk Sande, Venstreordførarar i vest, Foto: Venstre

– Nyhenda om byggestart for Stad Skipstunnel betyr uendeleg mykje for heile Vestlandet – og Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal særskilt. Dette er starten på ei ny tid for kysten, kystnæringane og sjøtransporten! Vi vil gje stor honnør til Frp som fekk Stad Skipstunnel «over målstreken», og gler oss over at Venstre, Krf, Høgre og Frp no står saman om ei avtale som inneber startløyving til Stad Skipstunnel i 2021.

Det seier Venstre sine ordførarar i Stad og Vanylven – Alfred Bjørlo og Lena Landsverk Sande – som også er fyrstekandidatar for Venstre til stortingsvalet 2021 i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

– Eg tenkjer med glede på alle som kvar einaste dag lever av havet, og rikdomen det gir oss, seier Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (Venstre). – Stad skipstunnel vil opne for nye moglegheiter, både innanfor næringsliv, reiseliv og i høve busetting. Eg er svært takksam dei mange som har stått på så hardt i så mange år, for å få skipstunnelen realisert.

– Eg trur ingen i dag overskuer alle ringverknadene som vil kome utav dette heilt unike samferdsleprosjektet, seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo (Venstre). Stad Skipstunnel vil opne opp Vestlandet sjøvegen, og bli ein reiselivsmagnet som set Vestlandet på verdskartet. Stad kommune vil no gjere alt som står i vår makt for å bli ei god vertskommune for Stad Skipstunnel, og for at det skal kome størst mogleg ringverknader til heile regionen rundt, seier Alfred Bjørlo.