Rovdyrpolitikken må ta større omsyn til samisk reindrift og tradisjonell beitebruk

Foto: Lavrans Skuterud

Samisk reindrift er i mange område pressa frå storsamfunnet på fleire frontar, både gjennom arealinngrep i beiteområda som vindkraft og hyttebygging, og gjennom ein rovdyrpolitikk som i fleire område vanskeleggjer ei berekraftig reindrift i Trøndelag.

For Trøndelag meiner fylkesmannen at nesten 7000 tamrein vart tapt til freda rovvilt i reindriftsåret 2018/2019. Fylkesmannen i Trøndelag har også gitt erstatning for 1211 sau og 4945 lam for beitesesongen 2019.

Trøndelag Venstre meiner at vi med dagens rovdyrpolitikk ikkje sikrar den samiske befolkninga sine rettar som urfolk slik internasjonal folkerett krev. Særleg gjeld det i Nordland og Trøndelag, der vi skal ha alle rovdyr samstundes som landet er på det smalaste.

Rovdyrpolitikken er eit område der faglege tilrådingar om levedyktige bestandar har vore viktige. Med den utviklinga vi har hatt i rovviltbestandar gjennom dei siste 20-30-åra er det lite som tyder på at dei ikkje er levedyktige. Gjennom desse åra har vi fleire gonger sett at den grunnleggjande forsiktigheita/konservatismen som ligg i forskingsmetodar gjer at fagfolk og forvaltning bruker tid på å erkjenne at situasjonen er slik reineigarar og andre beitebrukarar hevdar, og over tid har det fått store negative konsekvensar. Dette har skjedd sjølv om naturmangfaldlova seier at vi også skal anerkjenne erfaringsbasert og tradisjonell kunnskap.

Styret i Trøndelag Venstre, 11. desember 2020.