August Vonheim til minne

August Vonheim, Foto: Vanylven Venstre

I jula mista vi ein av våre mest markante Venstremedlemar i Møre og Romsdal, då August Vonheim døydde 25.desember. Han har vore aktiv i politikken i alle år, mest som lokalpolitikar i Vanylven, men også som aktiv delegat på alle fylkesårsmøta våre. Vi i Møre og Romsdal Venstre minnast August Vonheim som den kunnskapsrike og venlege mannen han var, alltid med ein god kommentar og ei meining om ei sak som brakte debatten vidare. Vi vil minnast han ved her å gjengi minneorda skrive av ordførar i Vanylven og vår førstekandidat ved komande stortingaval, Lena Landsverk Sande.

Til minne om August Vonheim (16.01.1942-25.12.2020)

Det er både tungt og rart å vite at vår kjære August Vonheim ikkje lenger skal vere med oss på laget. Han har vore ein bauta i Vanylven kommune, og ein anker for oss i Vanylven Venstre i alle år. Vonheim har vore ein viktig støttespelar, ei eldsjel, og han har synt eit uuttøymeleg engasjement for å utvikle lokalsamfunnet vårt. Han var aldri ein rein bygdepatriot, men såg utviklinga i heile kommunen som det viktige, og han skjønte tidleg at når det løner seg for den eine, så dryp det på den andre.

Vonheim har stått last og brast med Venstre, både i bratte motbakkar og når det har glidd lettare, og vi har han å takke for at vi i dag har eit så sterkt lag at vi nådde ordførarposisjonen i kommunen. Han hadde trua, kanskje som den einaste. Og utan han, og hans pågangsmot ville dette aldri ha blitt ein realitet.

Saman med kona Ruth Glæstad, sto Vonheim for den første barnehagen i kommunen. Denne vart starta opp heime i deira eigen kjellar. Han var også tidleg avbilda i lokalavisa Synste Møre, i ein færing på eigen gard, der han proklamerte at det ein dag ville bli råd å ro gjennom Stad Skipstunnel. No har han sjølv lagt åra stilt, men han rakk heldigvis å sjå vedtaket realisert, sjølv om det har teke mannsaldrar, og atskillege stafettdeltakarar på laget for å nå dit.

August Vonheim har vore lærar, rektor og inspektør ved Myklebust skule i dei fleste av sine yrkesaktive liv, i tillegg til at han har vore lidenskapeleg oppteken av å drive garden på Fiskå. Ei tid var han tilsett som næringskonsulent i kommunen. På den tida vart det etablert skipsbygging på Fiskåholmen, ikkje minst takka vere Vonheim sitt gode forhold til næringslivsgründeren og Venstre-mannen Idar Ulstein.
Både industri og samferdselsbygging var sterke kjernesaker, i tillegg til at han ivrig engasjerte seg i arbeidet med naturskadeerstatning, i alle år.

Venstre og Vanylven har nådd mange milepælar med August si sterke hand på rattet. Den sterke handa er no lagt til ro. Men krafta hans lever, og minna lever, og dei tek vi med oss vidare. Våre tankar går no til Ruth, born og borneborn, som sørgjer over tapet av sin nære og kjære.
Vi minnast deg i takksemd.

Lena Landverk Sande

Lena Landsverk Sande og August Vonheim