Annika Brandal tilsatt som valgkampsekretær

Annika Brandal
Foto: Sindre M. Riisøen

Møre og Romsdal Venstre har tilsatt Annika Brandal som valgkampsekretær i 20% stilling fra 1.januar 2021 til og med stortingsvalget til høsten. Annika vil sammen med vårt valgkamputvalg stå for planlegging og gjennomføring av stortingsvalgkampen 2021 i fylket vårt.

Annika skriv om seg selv:
-Eg er klar for å gjere ein innsats for Venstre i valkampen 2021, og ynskjer å vere med å jobbe for at Lena Landsverk Sande og Møre og Romsdal skal få ein plass på Stortinget, og at Venstre over heile landet gjer eit godt val.

Eg har vore aktiv i lokallaget i Hareid sidan 2003, og dei seinare åra også vore med på mange fylkessamlingar i Møre og Romsdal, mange av medlemmane kjenner meg nok derifrå.
Eg var også valkampsekretær i delar av valet 2019, og ser fram til eit godt samarbeid på nytt med medlemmar og lokallag.

Til dagleg jobbar eg som kulturkonsulent/driftsleiar anlegg i kulturavdelinga i Ulstein kommune, og politisk er eg denne perioda varaordførar i Hareid kommune, der Venstre har tre av 21 representantar i kommunestyret. I perioda medan eg er valkampsekretær vil eg ha permisjon frå noko av stillinga mi i Ulstein kommune.

Sjå også: Vi søker valgkampsekretær