Høyringsuttale til kommunedelplanen for Kalberg

HØYRINGSFORSLAG – KOMMUNEPLAN FOR TIME KOMMUNE 2018 -2030 – AREALDELEN, FASE 2

MERKNAD TIL HØYRINGSFORSLAG:

 

Time Venstre har desse merknadene til arealdelen som gjeld utbygginga på Kalberg:

  • Vi finn det lite framtidsretta å byggja ned store areal som i dag er naturområde, jordbruksområde og friluftsområde og leggja dei under betong og asfalt.
  • I planane om datasenter og kraftkrevjande industri i Kalbergområdet er det ikkje lagt nok vekt på kva koneskvensutgreiinga seier om negative følgjer for artsmangfald og dyreliv og høve til langsiktig jordbruksdrift.
  • Planane for Kalberg er ikkje godt nok gjennomtenkte og gjennomarbeidde med omsyn til følgjer for tettstaden Kvernaland; trafikk, langsiktige og permanente arbeidsplassar, ulemper for tettstaden i ein utbyggingsfase, m.m.
  • Vi er klar over at det vert mange arbeidsplassar i ein anleggsfase, men kva med arbeidsplasssar i driftsfasen etterpå ? Tala varierer frå 5 – 6 000 til under100 ? Kva er realistisk ?
  • Planane for omkøyringsveg for Kvernaland er usikre; det ligg ingen forpliktingar for utbyggarane til å vera med og finansiera omkøyringsvegen.
  • Spørsmåla som gjeld t.d. støy, spelvarme, altenativ bruk av store mengder straum er uavklara og mangelfullt utgreia.
  • Time Venstre meiner at NK 1, NK 2, NK 3 og NK 4 vert tekne ut av planen og nyttast vidare til jordbruksføremål.
  • NK 5 bør og takast ut av planen sjølv om dette ligg i eit meir avgrnensa område. Om NK 5 vert eit nytt industriområde, fryktar vi at det på sikt vil «eta seg utover» og koma i konflikt med gode jordbruksareal.
  • Einskilde har hevda at det ikkje er naudsynt å byggja på dyrka mark ? NK 1 og 2 er på 715 da, 310 av dette er dyrka. Om ein ikkje skal bruka det dyrka arealet, vert det ikkje mykje att. Det dyrka er flatt og lett å byggja på.
  • Planane som er lagt ut for Kalbergområdet er eit stort eksperiment med mange mogelege utfall; alt frå 5 – 6 000 nye og varige arbeidsplassar og ny omkøyringsveg til kun eit fåtall arbeidsplassar, jordbruket i området vert rasert, folkehelsa vert svekka, og området vert estetisk øydelagt. Mellom desse ytterpunkta finst det mange ulike utgangar på saka.

 

Time Venstre meiner at arealsaka på Kalberg har mange lause tråder som ein i dag ikkje veit eller kjenner til svaret på. Det einaste som er sikkert er at om ein vel å leggja til rette for datasenter og kraftkrevjande industri og byggja ned jordbruksjorda, vil ein aldri kunna få den attende til aktiv jordbruksjord. Og vi veit at vi treng jorda for å kunna oppretthalda matproduksjon og brødfø oss.

 

Time Venstre sin konklusjon vert at Time kommune ikkje legg til rette for datasenter og kraftkrevjande industri på Kalberg.

 

Kvernaland, den 21. januar 2021

 

For Time Venstre

Knut Norddal

Skrivar