Vi søkjer valkamprådgjevar – Vil du vere med å vinne valet med Vestland Venstre?

Foto: Oda Scheel

Vestland Venstre søkjer ein engasjert valkamprådgjevar med kompetanse på sosiale media.

Utlysing av stilling som valkamprådgjevar for Vestland Venstre i valkampen 2021 i perioden 12. februar til 30. september

Oppgåver:

  • Bidra i stortingsvalkampen for Vestland Venstre i begge valkrinsane.
  • Utforme valkampmateriell i samarbeidet med valkamputvalet
  • Produsere innhald og ha det daglege ansvaret for Vestland Venstre i sosiale media
  • Oppdatere nettsida til Vestland Venstre
  • Utføre skriftlege og praktiske oppgåver etter oppdrag frå valkamputvalet
  • Koordinere førespurnadar retta mot listekandidatane
  • Utforming og utsending av medlemsbrev i heile valkampperioden, i samarbeid med valkamputvalet.
  • Rapportering av studieaktivitet knytt til valkamputvalet sitt arbeid.
  • Organisatorisk rapporterer valkamprådgjevar til valkamputval, men kommuniserer òg med fylkesstyret ved behov.

Valkamprådgjevaren vert ein nøkkelperson i organisasjonen fram mot stortingsvalet 2021. Valkamprådgjevaren vil ha ei brei kontaktflate i fylkeslaget og lokallag.Valkamprådgjevar har heimekontor, men må også pårekne reiseaktivitet over heile Vestland.

Stillinga er midlertidig. Det er tenkt 40 -50 % stilling i perioden 12. februar til 1. juni, deretter 100 % fram til 30. september, men med 3 vekers ferie i juli. Startdato, sluttdato og stillingsprosent kan diskuterast.

Lønn etter avtale. Stillinga kan passe til ein student.

Søknadsfrist: Snarast, seinast 2. februar

Send kort søknad og CV til sekretariatet på [email protected]

For meir informasjon om stillinga, kontakt leiar av valkamputvaet, Ingrid Fjeldstad på mob 93090492