No må me stå saman for Akvariet!

Francisco Munoz Photography
Med Bergen og Vestland i spissen er Norge ein leiande havnasjon. Vestlandet står for 60% av all verdiskaping i havnæringane i Norge, og Bergen har eit av dei fremste kompetansemiljøa for forsking og næringsutvikling i verda.

Havet har svaret på mange av berekraftsutfordringane vi står overfor, og er ein nøkkel til framtidig verdiskaping. Havet er ei stor og for mange ukjent verd, fullt av fascinerande artar og med sterke forbindingar til livet på jorda. Vi er avhengige av havet på fleire måtar enn vi forstår, og vi må bli smartare i måten vi bryr oss om det. For å lykkast treng vi ny kunnskap og betre måtar å dele og nyttegjere kunnskapen på.

Difor er det all grunn til å juble over og helse velkomen planane Akvariet i Bergen har: Å etablere ein verdsleiande kunnskaps- og formidlingsarena for havet og dei akvatiske miljøa. Skal Norge framover utvikle seg og behalde posisjonen som ein leiande havnasjon, og særleg forsterke innsatsen på å auke kunnskap og formidling om havet, vil det «nye Akvariet» vere sentralt.

Akvariet sjølv har allereie gjort ein imponerande jobb både innhalds- og finansieringsmessig. Å få lokalt næringsliv til å bidra med fleire 10 – tals millionar i forprosjektfasen viser kva status Akvariet har i dag, og trua ein har på den nye institusjonen. Fullføring av planane gjer seg likevel ikkje sjølv, og krev tungt økonomisk engasjement frå det offentlege, ikkje minst staten.

For Venstre er det sjølvsagt at me skal styrkje Norge sin posisjon som havnasjon, utvikle maritim industri og arbeidsplassar. Ei haldning fleire andre parti deler, og som gjer at grunnlaget for at vi lokalt står saman for sikre at «Nye Akvariet» får nødvendig prioritet i komande statsbudsjett er svært godt. På bakgrunn av det inviterer vi resten av partia lokalt til felles samling slik at vi får full effekt at engasjementet vi har for industrien og Akvariet.

Terje Breivik, parlamentarisk leiar i Venstre

Tom Hiis Bergh, fylkestingsgruppa Vestland Venstre

Heine Johansen, leiar Bergen Venstre