Ni av ti foreldre nøgde med barnehagen under korona-krisa

Guri Melby på Stortinget
Foto: Martin Andersson/KD

– Det viktigaste er at barna trivst og har det bra. Difor er eg glad for at så mange foreldre er nøgde, sjølv når koronasituasjonen har påverka tilbodet til barna. Dette viser at dei tilsette gjer ein god og viktig jobb, seier Venstre-leiar og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Sjølv om koronaen har påverka kvardagen i barnehagen, er ni av ti foreldre nøgde med tilbodet barna deira får, viser Foreldreundersøkinga for 2o2o. Regjeringa starta med årlege nasjonale foreldreundersøkingar i 2016, for at foreldre til barnehageborn skal kunne ytre seg og påvirke kvaliteten i tilbodet.

Nesten alle oppfyller bemanningsnorma

No innfrir også heile 99 prosent av barnehagane kravet om bemanning. Det viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

– Alle foreldre skal vere trygge på at barna trivst og får god oppfølging i barnehagen. Ein god start på livet er nøkkelen til like moglegheiter i skolen og samfunnet. Difor er eg glad for at tilnærma alle barnehagar no oppfyller bemanningsnorma og fleire oppfyller pedagognorma. Det har vore ein viktig satsing for regjeringa at alle barn skal få oppfølging av eit godt personale, seier Melby.

Ein god start på livet er nøkkelen til like moglegheiter i skolen og samfunnet.

Guri Melby

Spesielt nøgde med trivsel og personal

128 000 foreldre har svart på 2020-undersøkinga, og deltakinga er rekordhøg. Her er nokre av hovudfunna:

  • 93 prosent av foreldra er svært eller ganske nøgde med barnehagen. Det er det same som i 2019.
  • Foreldra er spesielt nøgde med at barna trivst og er trygge på personalet (97 prosent). I år er også fleire nøgde med hygienen enn tidlegare (88 prosent).
  • Foreldra er mindre nøgde med mattilbodet. I 2020 var 62 prosent nøgde, ned frå 76 prosent i 2019. Det kan komme av at fleire barnehagar har endra eller fjerna tilbodet om mat under koronasituasjonen.
  • Andelen foreldre som ikkje er tilfredse med bemanningstettleiken i barnehagane har gått ned frå 19 prosent i 2019 til 16 prosent i 2020 (sjå fleire funn i tabell under).

Vil ha fleire pedagogar

Utdanningsdirektoratet sin oppdaterte statistikk om barnehagar viser blant anna:

  • 99 prosent av barnehagane oppfyller bemanningsnorma, ein auke frå 94 prosent i 2019. I 2016, før norma blei innførd, oppfylte 55 prosent av barnehagane norma.
  • 69 prosent oppfyller pedagognorma utan dispensasjon, ein auke frå 64 prosent i 2019, og ein auke frå 53 prosent i 2018.
  • Korona har påverka opningstida. 4 prosent av barnehagane har hatt heilt stengt i løpet av hausten, og 9 prosent har hatt delvis stengt. 33 prosent har redusert opningstida i periodar.

– Utviklinga går rett veg, samstundes er det framleis for mange barnehagar som ikkje har nok barnehagelærarar. Pedagogane har ei nøkkelrolle i arbeidet med å heve kvaliteten på tilbodet. Målet vårt er å auke andelen barnehagelærarar til 50 prosent av dei tilsette. Over fleire år har vi satsa på å styrke kompetansen i barnehagen, seier Melby.