Kvifor farge fjordane grå, når grøne løysingar finst?

Lena Landsverk Sande, Foto: Annika Brandal

Lesarbrev Lena Landsverk Sande, 25.02.21

Vi ser igjen at dei grå kameratane i Frp og Sp samlar seg mot endå eit klima- og miljøtiltak. Denne gongen vil dei utsette nullutsleppskravet i verdsarvfjordane våre. For Venstre er det heilt uaktuelt.

Vi står i ei klimakrise, om vi vil tru det eller ei. Skal vi løyse den er vi nøydde til å vere offensive. Vi må stille strenge krav, slik at norsk industri blir verdsleiande på grøne løysingar. Og vi må ta i bruk dei løysingane som ei heil rekke marknadsaktørar meiner finst for å fremja grøn maritim industri. Vi kjem framleis til å ha olje å leve av i nokre år til, men når dagen kjem og dei ressursane er vekk, då må vi vere førebudde og fremst på kunnskap om alternative moglegheiter. Vi er rike på fisk i fjordane, og vi er kjent for våre grøne fjordarmar og vakre kystlandskap. Samtidig som vi jobbar med plastproblematikken i havet, så må vi jobbe for å få ned utsleppsmengdene i fjordane våre, slik at både folk, fisk og fe får friskare omgjevnader.

Det gir Noreg nye eksportmoglegheiter, eller som administrerande direktør i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, så fint har sagt det: «Kravet om utsleppsfrie fjordar innan 2026 er eit døme på ein ambisiøs politikk vi treng meir av for å få fart på utviklinga av utsleppsfrie skip og infrastruktur for fornybar energikjelder. Diskusjonen no må handla om korleis dette vedtaket skal gjennomførast – ikkje om det skal gjennomførast.»

Leiar av Maritimt Forum Nordvest, Arnfinn Ingjerd, er også tydeleg på at maritim industri ikkje ynskjer ei utsetting av dette kravet. I Sunnmørsposten den 25.02.21 forklarar Ingjerd kvifor omlegginga til grøn skipsfart er bra for den maritim industrien, bra for arbeidsplassane og bra for miljøet.

Vi har sagt ja til å bidra i kampen mot katastrofale klimaendringar. Men det handlar òg om å fremje norsk konkurransekraft.

Frp og Sp bryr seg verken om klima eller miljø
Verdssarvfjordane våre, Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, skal ha utsleppsfrie turistskip og ferjer seinast frå 2026. Det vart vedteke i 2018. Den gong var Frp for dette, men no har dei snudd. Den gong var Sp framoverlente og ønskte utsleppsfrie turistskip frå 2023. No ha dei òg snudd.
Vi er den første generasjonen som opplever klimaforandringane, og vi har moglegheita til å stansa dei. Det tek ikkje Sp og FrP innover seg.

Dei tek heller ikkje innover seg at forureinande cruisetrafikk i fjordane gir dårleg luftkvalitet. Venstre ynskjer at bebuarane i verdsarvfjordane skal ha frisk luft heile året. Vi ynsker ikkje at turistane som kjem til Noreg skal kome til skitne, overfylte fjordar med eit grått lokk av forureining hengande over seg. Turistane, reiselivsnæringa og innbyggarar – vi er alle avhengige av at vi tek vare på naturen, slik at den er like storslått for dei som skal oppleve den i framtida.

Arnfinn Ingjerd trur på at også cruisenæringa vil måtte tilpasse seg dei krava som vil kome frå deira eigne kundar, som ikkje ynskjer at ein skal fylle opp vakre fjordar som Geirangerfjorden med dieselrøyk. Kystrutegründeren Per Sævik talar også varmt om grøne løysingar, og byggjer skip tilpassa dei nye krava.

Venstre vil meir
Venstre vil satse på grøn skipsfart og sikre Noreg ei verdsleiande rolle på feltet. Vi vil utvide nullutsleppskravet for cruisetrafikk i verdsarvfjordane til å gjelde fleire norske fjordar og legge til rette for landstraumanlegg og fyllestasjonar i alle aktuelle hamner. Vi meiner vi må satse på teknologien som løyser utfordringane vi står ovanfor. Vi må fremje grøn, norsk eksport. Då må vi stille krav, og det takkar næringslivet for.

Klima- og miljøkrisa er vår tids store utfordring. Men vi har framleis moglegheit til å kutte utslepp og løysa ho. Med grøne løysingar skaper vi ei framtid med fridom og moglegheiter for alle.