8,5 millionar til sommarskule i Sogn og Fjordane

Guri og Alfred
Guri og Alfred i arbeid., Venstre

11 kommunar i Sogn og Fjordane har fått tildelt til saman 8,5 millionar kroner i tilskot for å arrangere sommarskule for born og unge sommaren 2021. Dei 11 kommunane – Askvoll, Fjaler, Gloppen, Hyllestad, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Stad, Stryn og Sunnfjord – har til saman om lag 75% av samla tal born og ungdom i Sogn og Fjordane.

– Etter det tøffe året mange born og unge no har vore gjennom, er det ekstra viktig at vi strekker oss langt for å tilby gode aktivitetstilbod for born og unge sommaren 2021, seier ordførar i Stad og 1. kandidat for Venstre til Stortinget i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo. – Eg er glad for at Regjeringa har lagt til rette for at alle kommunar kan søke om ekstra midlar til sommarskule, og at svært mange born og unge no får høve til å få eit slikt gratis aktivitetstilbod sommaren 2021, seier Alfred Bjørlo.

– Sommarskule er ikkje ei erstatning for ordinær skule, men eit viktig supplement i ei spesiell tid, seier Kunnskapsminister Guri Melby. – Dette er eit høve for elevar i grunnskulealder til å få delta i sosiale og kulturelle aktivitetar, og i tillegg få fagleg påfyll, seier Melby.

Kommunane har stor fridom til å utforme det lokale sommarskuletilbodet ut frå sine eigne føresetnader. Kommunane står også fritt til å samarbeide med idrettslag, kulturskule, leirskular eller frivillige lag og organisasjonar. Kommunane kan også avgjere lokalt om bestemte elevgrupper skal prioriterast.

-Tilskotet er innretta slik at det gir stort lokalt handlingsrom til kommunane, seier Guri Melby, men presiserer at tilbodet skal vere gratis for born og unge som deltek.