Appell i samband med Jordbruksoppgjeret 2021

Appell i samband med Jordbruksoppgjeret 2021 , Foto: Stad Venstre

Appell i samband med Jordbruksoppgjeret 2021 av Alfred Bjørlo

Vi skal gjennom den største omstillinga av samfunnet – ja av verda – nokonsinne. Vi skal over frå eit samfunn der verda «går på fossil energi» – og Noreg som land har levd av enorme inntekter frå olje og gass – til eit samfunn som er berekraftig – der vi lever av evigvarande, fornybare ressursar. Dette – klimakampen og å nå FNs berekraftsmål – er vår tids viktigaste sak.

I denne grøne omstillinga er ikkje norsk landbruk og den norske bonden eit problem, men ein del av løysinga. Norsk landbruk ER ein del av det grøne, reine næringslivet vi skal leve av i framtida. Det vil kreve omstilling også av landbruket – ja. Men det vil først og fremst kreve ei sterk, levande og mangfaldig landbruksnæring – som dyrkar jord, produserer mat og er til stades over heile landet – der naturressursane ER.

Som det står i det «ordføraroppropet» eg og mange andre ordførarar har signert i samband med årets landbruksoppgjer: «Norske bønder leverer det sunnaste kjøtet vi kan få, bortimot antibiotikafritt, og med smak frå grøderike jorder og saftige fjellbeiter.» I tillegg til at bøndene i Stad kommune og elles i bygdene på Vestlandet står for kunnskap, yrkesstoltheit, matvaresikkerheit og forvaltning av norsk kulturarv.

Difor vil eg som ordførar i Stad vere tydeleg på følgande: Eg støttar dokke i den kampen de no står i. Landbruksnæringa må opp til eit anstendig inntektsnivå som speglar både ansvar, utvikling, yrkessituasjon og arbeidsmengde.

Der er vi ikkje i dag. Og det krev mellom anna at meir pengar og betre svar på utfordringane må på bordet i årets landbruksoppgjer når det no skal vidare til Stortinget – mellom anna slik at det reelt reduserer inntektsgapet til andre yrkesgrupper, og at det kjem på plass ein skikkeleg investeringspakke for overgang til lausdrift. Og det må skje lynraskt.

Det kravet vil eg som ordførar i Stad vere krystallklar på at eg støttar – og formidle så tydeleg som råd er inn til Oslo i dagane som kjem.

Eg er ikkje så interessert i å gjere dette til partipolitisk spel. Eg er gammal nok – og har til og med vore ordførar lenge nok – til å hugse at også andre regjeringar og andre parti som no er «høge og mørke» har levert altfor svake jordbruksoppgjer då dei sat i regjering – og vart møtt med velfortent og nødvendig «bondeopprør» for det.

Så enkel «valkampretorikk» frå parti som no sit i opposisjon og dagleg strør rundt seg med milliardar til absolutt alle gode formål, det har i det lange løp begrensa verdi. Det er mykje vi kan leve av som samfunn i framtida, men ein dagleg straum av pressemeldingar frå politiske opposisjonsparti står ikkje på den lista.

For det verkeleg viktige er følgande: Heile det politiske miljøet må erkjenne at landbruket står i ei særstilling som næring. Landbruket må drivast og utviklast i eit livstid-perspektiv. Landbruket handlar om å skaffe på bordet den maten som vi treng kvar einaste dag – og som i framtida må sikrast endå meir nært og endå meir reint og klimavenleg enn i dag. Og det å vere bonde er eit yrke du ikkje kan «hoppe inn og ut av» ettersom tidene er dårlege eller gode.

Difor er eg glad for at de mobiliserer og går til kamp – den kampen skal de ha heilhjarta støtte i frå meg. Stad kommune treng bonden – Vestlandet treng bonden – Noreg treng bonden. Og ikkje minst: Den grøne, fornybare framtida heile verda no må over til – treng eit rreint, mangfaldig og sterkt norsk landbruk.

Lukke til – saman skal vi vinne kampen om framtida!