Nei, Sylvi Listhaug- du tek feil

Ordførarkandidat Kari Grindvik, Liv Aarberg

Nei, Sylvi Listhaug- du tek feil og tillegg politikarar i Ålesund meiningar og haldningar dei
ikkje har.

Eg viser til Sylvi Listhaug sine uttalar i Bygdebladet onsdag 26. mai, og overskrifta: Utruleg at
dei feirar bompengar med flagg. Nei, Listhaug, vi har ikkje flagga for at innbyggjarane våre
skal betale bompengar. Derimot flagga vi for at vi endeleg skal få godkjenning for dei
etterlengta tiltaka Ålesund treng.

Listhaug, som har halde på med politikk på fleire nivå i mange år, skulle vite betre enn å
kome med slike utsegn som ho gjer i lokalavisa. Å sette Bypakken opp mot sjukeheimsplassar
i kommunen og ferjeprisar, samt vidaregåande skular på fylkesnivå vitnar om at ho uttalar
seg mot betre vitande. Påstanden hennar om at Ålesund kommune no kuttar i alt av viktige
velferdstenester og skule, manglar dokumentasjon. Omstilling av tenester er ein
kontinuerleg prosess. Og einkvar ansvarleg politikar må sørge for å tilpasse drifta etter dei til
ei kvar gjeldande inntektsrammene kommunen har. Å drifte smartare er alltid mogleg. Det
er det arbeidet vi no held på med.

Så til saka ho brukar til å snakke ned Ålesund og politikarar som ønskjer utvikling i regionen.

Seier vi nei til bompengar, seier vi også nei til tunnell, fleire bussavgangar og betre
sykkelvegar.

Ålesund kommune har arbeidd i mange år for å få på plass ny ferdselsåre frå sentrum til Moa – over
Lerstad. Det er bypakken som no gjer at det er håp om snarleg oppstart.

Kommunen foretok i 2020 ei spørjeundersøking om folks haldningar til Bypakke Ålesund. Av
rapporten frå november 2020 ser vi at 26 % ikkje kjenner til innhaldet i Bypakke Ålesund eller at dei
er usikre på kva bypakken er.

Ålesund har man ge uløyste behov, som ventar på avklaringar som bypakken vil gi:

Ny kollektivtrase med terminal i sentrum og på Moa, betre tilrettelegging ved campus og NMK, nytt
kollektivpunkt ved sjukehuset, kryssing av Brosundet som opnar for sørsideutbygginga og
kulturkvartalet. I tillegg til store grep med ny påkøyringsrampe E 39 frå Myrland og FV 60 med nytt
kryss i det ulukkesutsette Pjuskholakrysset.

Bypakken handlar ikkje om bompengar eller ikkje bompengar, men om heilskapleg, langsiktig
planlegging og gjennomføring kontra fragmenterte og mellombelse løysingar.

Ser vi på rapport Haldning til Bypakke – nullpunktsanalyse frå november 2020, finn vi, ikkje
overraskande, at 52% er negative til bompengar.

Men vi ser også at kun 19% er nøgd eller svært nøgd med kollektivtilbodet, medan heile 37 % er
misnøgd. Dei tilsvarande tala for syklistar er 10 % svært nøgd/nøgd og 65 % er misnøgd.

Det er desse utfordringane vi vil kunne gjere noko med når bypakken er vedteken.

Når det gjeld aksept for å bruke bompengar til å finansiere tiltak innanfor kollektiv, sykkel og gange
viser rapporten at 54 % er enig i dette.

Vi må vende merksemda mot det vi ønskjer: rein luft, mindre støy, mindre kø og lavare bilbruk.
Det kan vi få med å bygge eit betre kollektivsystem og sykkelvegnett.

Sjølvsagt kan vi få betre kapasiteten ved å bygge meir veg, men dette gir auka bilbruk og er ikkje i
tråd med nullvekstmålet. Det fører ikkje til mindre kø, men fleire køer. Og bysentrum blir ikkje større
av fleire vegar.

Bompengedebatten er verdt å delta i, men det kan ikkje vere vår tids store debatt. Det finns så
uendeleg mykje større utfordringar vi må løyse for at dei komande generasjonar skal oppleve fridom
til å leve og utvikle seg. Omstilling til eit grønare og reinare samfunn er ikkje enkel. Det krev innsats
og vilje frå frå både politikarar, folket og næringslivet.

Kari Grindvik (V)