Distrikts-Noreg treng tøffe og taleføre rikspolitikarar

Alfred Bjørlo er Venstre sin representant frå Sogn og Fjordane., Foto: Helle Frogner

Vi kan stå ved terskelen av ei ny tid for Distrikts-Noreg. Men det vil ikkje kome av seg sjølv.

Dei siste 10 åra har eg hatt verdas mest priviligerte tillitsverv. Eg har fått lov å vere ordførar i ein Vestlands-kommune (Eid) som har «funne vinnarvegen»: Gått frå stagnasjon og depresjon til folketalsvekst, byggeboom og optimisme – og attpåtil gjennom kommunereformen funne ein partnar for lukkeleg samliv i ein ny og større kommune (Stad).

Kursen vi har peika ut for framtida i Stad kommune – å reindyrke vår eigen kurs som ei optimistisk, innovativ og grøn distriktskommune som er like lite redd for endring som Trygve Slagsvold Vedum er for å sperre pelsdyr inn i tronge bur – blir av Victor Norman og Demografiutvalet peika ut som ein føregangsmodell for framtidas distriktspolitikk. Vi har planane klare for framtida, og eg gler meg som ein ordførar-unge til å sjå at dei blir til røyndom.

Likevel har eg – for fyrste gong i mitt over 30 år lange «politikarliv» – takka ja til å stille til val til Stortinget, som 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane. Det har, med handa på hjartet, vore eit vanskeleg val.

Når eg likevel har gjort det, er det fordi eg gjennom mine år som ordførar har sett at den «veggen vi stangar mot» for å utvikle distrikts-Noreg inn i framtida, svært ofte handlar om ein stat og ei sentralforvalting som ikkje forstår heile Noreg. Samfunnet skal og må endrast nedanfrå. Men då må makta og fridomen til å gjere det, ryddast på plass ovanfrå. Meir fridom, og meir ansvar. Meir Venstre-politikk – også på Stortinget.

Å ha rikspolitikarar som forstår kva makt og moglegheiter som ligg i eit sterkt lokaldemokrati og ein moderne og grøn distriktspolitikk, er særskilt viktig i dei to store revolusjonane samfunnet vårt skal inn i dei fire neste åra.

For det første: Det er no klimaomstillinga i verda verkeleg vil skyte fart. Alt vi har sett til no, er berre forpostfektingar. Noreg kan ta leiartrøya på viktige område i klimaomstillinga av verda – og samtidig skape framtidas grøne bedrifter og arbeidsplassar. Då må bedrifter og lokalsamfunn få fridom til å utvikle seg i grøn retning. Og rikspolitikarane må sørge for at det på alle område lønner seg å ta grøne val lokalt. Dette hastar. Eg ser med uro på at vi etter valet kan få ei regjering med eit tungt Senterparti som sleper føtene etter seg inn i heilt nødvendige klimaomstillingar, og heller vil dyrke opp myr, drepe truga rovdyr, la vere å nytte klimakrafta i avgiftspolitikken og setje bremsene på for samarbeid over landegrensene. Det vil vere ei ulukke for framtidas grøne næringsliv – som stort sett finst i distrikta.

For det andre: Koronakrisa har gjort meir for framtidsmoglegheitane i distrikta på eitt år enn politikarar og nasjonale direktorat har klart på fleire tiår. Heile arbeidslivet har gått gjennom ein revolusjon. Gammaldagse tankar om å sentralisere fagmiljø i store kontorbygg i dei største byane der folk er sperra inn kvar einaste arbeidsdag, er i ferd med å gå ut på dato. Digitaliseringa opnar for uante moglegheiter for offensive distrikts-regionar i Noreg – samtidig som folk har fått smaken på kvardags-kvalitetane eit liv utanfor dei største byane kan gje.

Vi kan stå ved terskelen av ei ny tid for distrikts-Noreg. Men det vil ikkje kome av seg sjølv. Det krev tøffe, taleføre og «seige» politikarar nasjonalt som ikkje lar statsapparatet og sentralforvaltinga få lov å falle tilbake i gamle mønster når koronaen ebbar ut. No MÅ staten flytte ut – og folk må få fridom til å leve eit godt liv der dei sjøvle helst vil bu – anten det no er i by eller bygd. Breiband må lynraskt rullast ut til alle – og nokon må «riste i» ein konservativ universitets- og høgskulesektor for at dei også skal desentralisere sine tilbod – ikkje krevje at alle som skal ta utdanning gjennom livet skal flytte inn til eit storbycampus.

Eg er klar for å ta desse kampane. Og eg gjer det som stolt Venstre-mann, fordi eg ikkje trur meir sosialisme eller senterpartisk strukturkonservatisme og klimapassivitet er det Noreg treng no.

Vil veljarane at eg skal reise til Oslo til hausten, så er eg klar. Viss ikkje, skal eg nok klare å leve lukkeleg vidare også som Venstre-ordførar i «verdas beste vesle Stad». Uansett: Noreg går spennande og viktige år i møte. Og bølgjene av endring som no skyljer mot oss, må vi lære å surfe på – ikkje prøve å stoppe.

Alfred Bjørlo, ordførar i Stad og 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane 2021