Gi Lena plass på Stortinget!

Vanylven Venstre

Lena Landsverk Sande toppar lista til Møre og Romsdal Venstre ved årets stortingsval. Lena er i dag ordførar i Vanylven, i sin andre periode. Ho er ein distriktsoptimist som er klar for å snakke vår sak på Stortinget, ein garantist for å jobbe for ei grøn framtid for våre etterkomarar – og ei røyst som kjenner regionen og næringslivet godt frå si tid som ordførar i ein distriktskommune.

Av partia som har reell sjanse til å få plass på Stortinget frå Møre og Romsdal, er det berre Venstre som har ein kandidat frå Søre Sunnmøre. Og Søre Sunnmøre treng ei røyst som kjenner distriktet vårt godt.

Lena har til saman 14 år bak seg i ulike politiske verv, samt brei røynsle frå kommunal drift, som lærar, sørvisleiar, stabsleiar og rektor. Politisk brenn Lena for menneska – frå dei minste borna til dei pleietrengande eldre. Aller nærast hjartet ligg skulen. Ho framhevar at ressursane som ligg i einskildmennesket er umåteleg store. Ho står fast på at alle kan bidra med noko, og at vi alle treng å bli sett – og verdsett – som det unike mennesket vi er.

Sjølv om dei fleste av oss heldigvis har det godt, må vi prioritere å hjelpe dei som treng litt støtte på vegen, og gjere vårt beste for å bidra til eit godt liv for alle. Vi må hegne om den fridomen og verdigheita det gir å kunne gjere eigne val i eige liv.

Venstre og Lena heiar på dei små og store jobbskaparane. Det må bli enklare å skape arbeidsplassar – i heile landet, og næringslivet treng føreseielege rammevilkår. Bu- og arbeidsmarknadsregionane må utvidast, og både utdannings- og arbeidsplassar må desentraliserast. Det er 45.000 distriktsarbeidsplassar innafor eksportnæringar i fylket vårt. Ein stor andel av desse ligg utanom byane, og mange her på Sunnmøre. Venstre er såleis heilt klare på at EØS-avtalen må bestå.

Lena arbeider best saman med andre, og er også bevisst på at hennar rolle som folkevald er å lytte. Det er saman vi oftast kan finne dei beste løysingane – noko må vi ta med oss i ei tid der store utfordringar ventar både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Møre og Romsdal er ein sterk og sjølvstendig region mellom dei nye storfylka Trøndelag, Innlandet og Vestland fylkeskommunar. Dette krev at heile fylket må stå saman, og at Mørebenken må bestå av politikarar som jobbar saman. Lena ser verdien av heile fylket og er ein samlande politikar som klarer å samarbeide om viktige sakar på tvers av politiske motsetningar. Når Mørebenken no krympar frå 9 til 8 stortingsmandat, er samarbeidsevna til Lena viktig å ha med.

Møre og Romsdal Venstre kan kome i ein posisjon der nokre få stemmer avgjer om vi får inn Lena på Stortinget – eller ikkje. I 2017 mangla vi eit par hundre stemmer på eit mandat. Denne gongen ynskjer vi å ha fleire hundre stemmer å gå på. Vi meiner Lena har den kompetansen og erfaringane som fylket treng på Mørebenken.

På fleire målingar har Venstre og Lena vore inne med utjamningsmandatmandat frå Møre og Romsdal. Dette viser at det er mogeleg med ein kandidat frå Søre Sunnmøre på Stortinget også komande periode, men då treng Venstre røysta di!

Godt val!

Venstrelaga på Søre Sunnmøre v/lokallagsleiarar og gruppeleiarar

Annika Brandal, Hareid
Jenny H. Korsnes, Hareid
Berit Lyngstad, Ulsteinvik
David Lien, Vanylven
Hogne Kvangarsnes, Volda
Hallvard Bjørneset, Volda
Are Folkestad, Ørsta
Gunnar Knutsen, Ørsta