1 million til Jakob Sande-senteret i 2022

Foto: privat

Jakob Sande-senteret i Fjaler får ei løyving på 1 million kroner i Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2022.

– Dette er ei viktig kultursatsing for Sogn og Fjordane og for nynorsken, som Venstre har prioritert høgt over fleire år. Eg vil arbeide for at Jakob Sande-senteret får ei fast årleg løyving på statsbudsjettet som eit nasjonalt senter for forteljarkunst, seier Alfred Bjørlo, 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane.

I 2019 tok Venstre i regjering initiativ til å få til ei nasjonal satsing på å byggje opp eit Jakob Sande senter i Fjaler. No varslar Kulturminister Abid Raja at regjeringa vil følgje opp denne satsinga med å vidareføre løyvinga på 3. året.

– Jakob Sande var blant dei store på den norske forfattarhimmelen, Føremålet til Jakob Sande-senteret er å formidle Jakob Sande si dikting som felles kulturarv, ikkje minst for vestlendingane. Sande sitt diktarskap står også planta i den folkelege forteljarkunsten, og det er særleg spennande at dette senteret skal vere eit nasjonalt senter for forteljarkunst. Senteret har allereie eit omfattande program og aktivitetsnivå som held svært høg kulturell og kunstnerisk kvalitet. At løvinga vert vidareført frå kulturdepartementet på 3 året er eit viktig stadfesting på at senteret gjere ein god jobb og har funne ei driftsform som er liv laga, seier Alfred Bjørlo (Venstre).