Gunnar Silden er Stad Venstre sin ordførarkandidat

Gunnar Silden, Stad Venstre
Ordførarkandidat Gunnar Silden, Foto: Jon Frogner

Gunnar Silden er Stad Venstre sin kandidat til å bli ny ordførar i Stad. Sitjande ordførar
Alfred Bjørlo har varsla at han vil søke fritak frå vervet som ordførar i Stad, i samband med
at han er valt inn på Stortinget.

Venstre, Ap og Høgre har ein avtale om politisk samarbeid i Stad kommune i perioden 2019-
23. Dei tre partia har fleirtal i kommunestyret. I avtalen går det fram at Venstre skal ha
ordføraren i fireårsperioden. Ut frå avtalen valde kommunestyregruppa i Stad Venstre i
møte søndag kveld Gunnar Silden som kandidat til å overta ordførarvervet.

Venstre har i dag to formannskapsmedlemmer i Stad i tillegg til ordførar Alfred Bjørlo: Helle
Frogner og Gunnar Silden. Begge stilte seg til disposisjon til å stille som ny ordførarkandidat.
Etter drøfting og prøvevotering i gruppemøte søndag kveld, gjorde gruppa eit formelt og
samrøystes vedtak om Gunnar Silden som Stad Venstre sin ordførarkandidat.

Den formelle handsaminga av sitjande ordførar sin fritakssøknad og påfølgjande val av ny
ordførar, vert gjort av Stad kommunestyre 29. oktober.

Gunnar Silden (69) er vaksen opp på Silda i noverande Kinn kommune, men har budd i Selje i
over 40 år. Han har lang lokalpolitisk røynsle frå Selje kommune, og har vore
formannskapsmedlem og gruppeleiar for Venstre i Stad kommunestyre sidan hausten 2019.
Han har også vore lokallagsleiar i Stad Venstre. Gunnar Silden er gift og har ei vaksen datter,
og har i heile sitt yrkesaktive liv arbeidd i fiskeri- og havbruksbransjen. Han har i dag stilling
som driftsjef i MOWI.

– Stad Venstre har hatt ein grundig og god prosess for å avklare kven som blir ny
ordførarkandidat, der vi også har hatt god dialog undervegs med våre samarbeidsparti Ap og
Høgre. Vi meiner Gunnar Silden, med si lange røynsle og breie samfunnsengasjement, vil bli
ein god og samlande ny ordførar i Stad. Alt ligg no til rette for at vi kan vidareføre den gode
utviklinga og det gode samarbeidsklimaet som kjenneteikner Stad kommune, seier
lokallagsleiar i Stad Venstre, Jon Frogner.

Stad Venstre si kommunestyregruppe har i tillegg vald Gunvald Ludvigsen som kandidat til å
overta Alfred Bjørlo sin plass i Stad Formannskap, der Venstre i følgje avtalen med Høgre og
Ap skal ha tre medlemmer. Også dette valet blir formelt gjort av kommunestyret 29.
oktober. Gunvald Ludvigsen er i dag 1. vara til formannskapet på fellesliste mellom Venstre,
Ap og Høgre.