Uttalelse: Barn sine rettar må styrkast

Barn kan ikkje rå for foreldra sine handlingar. Venstre meiner det er naudsynt å styrka barn sine rettar., Foto:iStock

Venstre har alltid løfta fram barn sine rettar. Det gjorde vi ved innføringa av dei castbergske barnelovene av 1915, og det gjer vi i dag. Sjølv om barn sine rettar heldigvis har blitt styrka over store delar av verda, er rettane framleis under eit vedvarandre press – mellom anna frå krig, konflikt og klimaendringar.

Vedtatt av Venstres landsstyre, 6. november 2021.

Barn har eigenverdi og rett til ei trygg oppvekst. Venstre meiner difor at borna til dei såkalla IS-kvinnene, barn som er norske statsborgarar, må få kome heim og bli ein del av det norske samfunnet. Sjølv om mødrene truleg har tatt del i alvorlege brotsverk, og bør straffeforfølgast, er barna uskuldige. Dei skal ikkje lide for dei ukloke vala deira mødre har gjort. Venstre meiner difor at regjeringa bør arbeide for å hente heim barna og mødrene, der nødvendige omsyn til tryggleiken for norske borgarar i leirane og norsk personell som deltek i operasjonen blir tatt i vare.

FNs barnekonvensjon er grunnleggjande viktig. No meir enn nokon gong er det avgjerande å slutte opp om å nytte folkeretten for å verne barn og unge som blir råka av urett. Venstre meiner tida er inne for å ratifisere barnekonvensjonen si individuelle klageordning. Mange land har gjort dette allereie, og det har vekka undring og oppsikt internasjonalt at Noreg ikkje har gjort det same – som eit land som tradisjonelt står opp for barn sine rettar og individuell rettstryggleik.

Venstre meiner tida er inne for å ratifisere barnekonvensjonen si individuelle klageordning

Venstre meiner vidare det er på tide å likestille tilbodet om omsorg til gruppa einslige mindreårige asylsøkjarar mellom 15-18 år med det tilbodet om omsorg som einslige mindreårige asylsøkjarar under 15 år får. Den eldste gruppa ligg no under utlendingsmyndigheitene si omsorg. Dei yngste, i likskap med alle andre barn i Noreg som treng det, vert tatt hand om av barnevernet. Praksisen med ulik omsorg verkar diskriminerande og er truleg i strid med Grunnlova, barnekonvensjonen og barnevernlova.

Venstre vil:

  • Hente heim norske barn og mødrene deira frå leirane i Syria
  • Ratifisere den individuelle klageordninga under FNs barnekonvensjon
  • Lat einslege mindreårige asylsøkarar i Noreg få omsorg av barnevernet i staden for utlendingsmyndighetene