Verdsarv og livet under vassflata

Sognefjorden i sol
Ein levande fjord med god helse må også reknast inn i kvaliteten ved å bu og leve i verdas vakraste fjordlandskap., Sogndal Venstre

Takk til Høgskulen Vestlandet som har kartlagt miljøsituasjonen og livet under vassflata i Nærøyfjorden. Takk til Sogn Avis som løftar fram korleis det står til med juvelen i det unike fjordlandskapet vårt, og den mest særeigne delen av dronninga over alle fjordar, Sognefjorden.

Resultata av undersøkingane er nedslåande, med funn av skyhøge verdiar av miljøgifta TBT. Som det skal svært lite til av før det gjev kroniske effektar for livet i fjorden. Ei miljøgift som har vore bannlyst over heile verda sidan 2008. Som ikkje lenger eigenleg skal finnast. Men i verdas flottaste naturlandskap, i verdsarvfjorden vår, finst det altså kritisk høge verdiar.

Det er diverre ikkje det einaste nedslåande funnet i fjordarmane våre. Plast, etterletne fiskereiskap, skrot og skrammel. «Ute av øye, ute av sinn». Og algane. Desse vekstane som forskarane ikkje enno heilt kan forklare. Men som breier seg utover store område, legg seg som eit lok over alt som skal puste og leve.

Fleire ting kan gjerast, seier forskarar ved HVL. Dagleg leiar for Nærøyfjorden Verdsarvpark og områdekoordinator i Vestnorsk fjordlandskap etterlyser betre oversikt over fjordhelsa og meir samla forvaltning av fjordane. Lokale myndigheiter må følgje opp TBT-funna, seier hamnesjef Tor Mikkel Tokvam. Ja, og det må gjerast meir.

Det er på høg tid at Sognefjorden med Nærøyfjorden no blir prioritert for å få meir kunnskap og ei styrkt forvaltning av fjorden. Det er på høg tid at vi i Sogn tek ein større diskusjon om korleis vi skal bruke og ta vare på dette unike fjordområdet, også utover det som ligg inne i den formelle verdsarvgrensa. Det er på høg tid at ein levande fjord med god helse, også vert rekna inn i kvaliteten ved å bu og leve i verdas vakraste fjordlandskap.

Difor er det svært gledeleg at Miljødirektoratet no har gitt oppdrag til Statsforvaltaren i Vestland om å starte opp verneprosess for Sognefjorden, ei fagleg tilråding sidan 2004.

No startar prosessen, her må kommunane i Sogn ta aktivt del! Etter initiativ frå Venstre har Sogndal kommunestyre i samfunnsplanen eit tydeleg mål om at kommunen skal ta aktivt del i felles arbeid for å ta vare på Sognefjorden. Sogndal Venstre meiner at verneprosessen er ein ypparleg start! Her må Sogn regionråd og kommunane ta godt eigarskap til saka, spele statsforvaltninga gode, og gjere grunnlaget for ein framtidig samla forvaltningsplan så god som mogeleg. Så bør kommunane i Sogn også ha ein tydeleg ambisjon om at styringa og oppfølginga av ein slik prosess og plan kan skje lokalt. I Sogn er me ekspertar på lokalforvaltning av naturverdiar gjennom vernestyre og lokalt forankra nasjonalparkforvaltarar. Dette kan me og bør me også gjere for Sognefjorden.

Av Trude Risnes, gruppeleiar for Venstre i Sogndal kommunestyre

(Dette innlegget vart først publisert i Sogn Avis 17. januar 2022)