Fråsegn: Eit meir fleksibelt arbeidsliv, morgondagens arbeidskvardag etter korona

Heime- og bortekontor er også framtida, meiner Venstre, Foto: Pixabay

Ein del av oss vil gå tilbake til den vanlege kontorkvardagen etter pandemien, og trivast med det. Men fleire ønsker seg meir fleksibilitet.

Vedteke av Venstre sitt landsstyremøte i Hamar, 12. juni 2022.

Vi har gått frå ei tid der mange av oss vart sittande på heimekontor utan at vi vart spurde kva vi syntest om det, og kor det var heilt andre omsyn og ønske enn våre eigne som var grunnen til at vi jobba heimefrå. For nokre vil det vere heilt naturleg å fortsetje å gå til den vande arbeidsplassen fordi yrket ditt tilseier det, eller det er det du ønsker deg. Men det betyr ikkje at vi ikkje skal vere meir offensive i å legge til rette for dei som ønsker seg ein meir fleksibel arbeidskvardag.

Aldri før har vi hatt større fridom til å bu og arbeide der vi sjølv ønsker.

Aldri før har vi hatt større fridom til å bu og arbeide der vi sjølv ønsker. Frivillig fjernarbeid og heimekontor har aldri tidlegare vore teke i bruk i den utstrekkinga vi har sett dei siste to åra. Ein del av oss vil gå tilbake til den vanlege kontorkvardagen etter pandemien, og trivast med det. Men fleire ønsker seg meir fleksibilitet.

Auka produktivitet og mindre stress

For dei som ønsker det, kan frivillig heimekontor og høve til å styre eigen arbeidskvardag vere eit verdifullt gode. Forsking viser at heimekontor kan føre til auka produktivitet og mindre stress, med færre avbrytingar og meir effektiv tidsbruk. Det viser seg òg at opplevinga av auka fleksibilitet gir betre jobbtilfredsheit og større arbeidstakarlojalitet.

For dei som ønsker det, kan frivillig heimekontor og høve til å styre eigen arbeidskvardag vere eit verdifullt gode

Teknologien er moden, men erfaringa med stedsuavhengige arbeidsplassar er relativt ny. Derfor treng vi meir kunnskap og fleire løysingar som gjer at vi kan utnytte moglegheitene i ein arbeidsmarknad der kompetansearbeidsplassar kan gjerast stadsuavhengige på ein heilt annan måte enn tidlegare. Vi bør ta med oss erfaringane vi har gjort oss under koronapandemien og sjå nærare på korleis vi kan utvikle fleire stadsuavhengige arbeidsplassar – til det beste for både arbeidstakarar og bedrifter.

Treng klare retningsliner

Bedrifter og tilsette som ønsker å ta i bruk frivillig heimekontor og fjernarbeidsløysingar skal møte eit oppdatert regelverk som ivaretek arbeidstakarane sine fysiske og psykososiale arbeidsmiljø og behovet arbeidsgjevar har for oversyn. Dei treng klare og enkle retningsliner å forhalde seg til, til dømes for kven som har ansvar for forsikring og å dekke konstadar. Fjernarbeid skal ikkje vere til hinder for karriere- eller utviklingsmoglegheiter. I tillegg er det eit mål å gjere det enklare for bedrifter å rekruttere, uavhengig av den geografiske arbeidsmarknaden.

Venstre vil:

  • Legge til rette for meir stadsfleksibilitet i arbeidslivet og gjere arbeidsmiljølova stadsnøytral.
  • Stimulere til at bydelar, byar og bygder har gode tilbod for fjernarbeidarar i lokalmiljøa sine.
  • Gjere det enklare for tilsette å vera fjernarbeidar utanfor Noreg.
  • Greia ut kva barrierar som finst for reell stadsnøytralitet i dagens arbeidsmiljølov.
  • Oppdatere regelverket som regulerer arbeidstid på ein slik måte at det korresponderer betre med dagens og framtidas arbeidsliv.
  • Greie ut organiseringa av innhald i avtalar om individuelle tidskontoar, med formål om å legge betre til rette for fleksible arbeidstidsløysingar.
  • Fullt ut likestille fjernarbeid med ordinært, stadsbunde arbeid og styrke stillinga til fjernarbeidet i yrkesskadelovgjevinga, slik at det ikkje oppstår uvisse om i kva grad den tilsette er forsikra.
  • Innføre standardiserte skattefrådrag som kompenserer arbeidsgjevar og arbeidstakar for utgifter knytt til utstyr på heimekontor.
  • At det i større grad vert opna for å avtala frivillig fleksibilitet om når og kor arbeid skal utførast.
  • At fjernarbeid skal innlemmast i ordinært arbeidsliv på ein slik måte at personvern og datatryggleik vert ivareteke.
  • Ha stadsnøytrale skattereglar basert på prinsippet om at dei i minst mogleg grad skal påverke den tilsette sitt val av arbeidsstad, enten det er på heimekontor, på reise, eller i lokala til arbeidsgjevar.
  • At eit fleksibelt arbeidsliv òg varetar retten til å ha ein avklart arbeidsplass og retten til å logge av.