Åsta Årøen innstilt på topp for Vestland Venstre

Åsta Årøen bør vere vår fremste kandidat ved fylkestingsvalet i 2023. Det er nominasjonsnemnda samde om, seier leiar Elizabeth Toft Erichsen. Innstillinga frå nominasjonsnemnda vert lagt fram i dag.

Åsta Årøen, føreslegen 1.kandidat

Årøen bur i Bergen, er leiar i Vestland Venstre og utdanna jurist. Ho jobbar som administrasjonsleiar i Bergen Kirkelige Fellesråd, er vara til bystyret og medlem i Kontrollutvalet i Bergen.

– Eg er svært oppteken av at den vidaregåande opplæringa er god og relevant for ungdomane våre, seier Årøen. -Ikkje minst er det heilt avgjerande at me legg til rette for god fagopplæring, understrekar ho. – Og så er vår viktigaste sak, også i fylkespolitikken, å ta vare på naturen og redusere klimautsleppa. Difor er eg svært oppteken av Bybanen. Det er svært viktig at utbygginga held fram slik at me får dette grøne samferdsleprosjektet i hamn, slår Årøen fast.

Jacob Nødseth

Nominasjonsnemnda føreslår at Jacob Nødseth frå Kinn får andreplassen på lista. Også han er jurist. Han bur i Florø og er Venstre sin fremste folkevalde i Kinn. Denne perioden leiar han utval for plan, miljø og næring i Kinn. Grøn næringsutvikling og eit moderne fylke der unge menneske vil leve og bu står øvst på lista over politiske saker Jacob er oppteken av.

Camilla Elen Berg Larsen

Fleirtalet i nemnda føreslår Camilla Ellen Berg Larsen frå Stord som nr. 3. Ho er helsesjukepleiar i heimkommunen og birøktar på fritida. Camilla vil satse på helseteam i vidaregåande opplæring som eit førebyggjande tiltak, særleg for mental helse.

Marius Hellan Hindenes

Mindretalet ønskjer ungdomskandidaten Marius Hellan Hindenes frå Alver på tredjeplassen. Han studerer samfunnsøkonomi, har fagbrev i helsefag og er Venstre sin ordførarkandidat i Alver. Marius er oppteken av at unge skal få eit fritt skuleval og å styrke yrkesfagleg opplæring. Fleirtalet ønskjer han på fjerdeplass.

Atle Hamar

Atle Hamar frå Sunnfjord er føreslegen på plass nr. 5. Han har brei politisk erfaring frå alle nivå i politikken og er no kommunestyrerepresentant i Sunnfjord kommune. I Solberg-regjeringa var han statssekretær i Klima- og miljødepartementet under Ola Elvestuen. Ei av Atle sine hjartesaker i fylkespolitikken er å styrke utviklinga av næringslivet og regionane i Vestland.

Torstein Tvinnereim

På sjetteplass føreslår nominasjonsnemnda Torstein Tvinnereim frå Stryn. Han er i dag varaordførar i Stryn og toppar Venstre si liste der til kommunevalet 2023.

Han har brei politisk og organisatoriskerfaring – i tillegg til at han er ein kulturformidlar av rang. Samarbeid skule, næringsliv, kommune og frivillige organisasjonar for å gi ungdommen betre grunnlag for vala dei skal gjere, er mellom tinga han brenn for.

 

Vestland Venstre sitt nominasjonsmøte går av stabelen i Bergen 19. november. Heile framlegget finn ein her.

Elizabeth Toft Erichsen

——

Kontaktpersonar:

Leiar i nominasjonsnemnda Elizabeth Toft Erichsen, mobil 47 33 81 78

Leiar i Vestland Venstre og føreslegen 1. kandidat Åsta Årøen, mobil 995 22 847